Hopp til innhold

Brødrene Aa fekk gigantsmell på båt

Brødrene Aa designa og bygde den prislønte turistbåten Vision of the Fjords. Seks veker forseinka levering utløyste ein dominoeffekt som påførte selskapet eit tap på 17 millionar kroner i fjor, skriv Firda. Dagleg leiar Tor Øyvin Aa seier utviklingsarbeid kan vere krevjande, men at selskapet har rygg til å bere tapet.

"Vision of the fjords" er endeleg i rutetrafikk.
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK