Førdebrød heiter det, og å selje eit brød med det namnet i Høyanger blir av mange oppfatta som ein provokasjon.
Årsaka til dei vonde kjenslene i industribygda i Sogn er at Samvirkelaget har skifta brødleverandør frå Lefi Bakst i Jølster til Naustdal Dampbakeri i Førde. Og dei leverer eit brød som dei har døypt Førdebrød.
Førde er upop
Olav Øye var ein av dei som sa si meining om dette brødet på Samvirkehjørnet – som er Speakers corner i Høyanger. Og det må seiast at Førde ikkje er den mest populære staden for Høyanger-folk.
Foto Vegar Erstad NRK
– Brøda er kanskje heilt greie, men innpakkinga der det står Førdebrød får dei selje i Førde og ikkje til høyangerfolk, seier Øye.
Øye meiner spissformuleringane hans vart tekne vel alvorleg av lokalavisa. For om brøda i butikken blir bakte i Jølster eller Førde bryr han seg ikkje så mykje om.
Nøytral pose
Dagleg leiar Ragnar Berntsen i Naustdal Dampbakeri vedgår at dei tenkte på at det Førdebrødet kanskje ikkje ville bli nokon 'hit' i Høyanger, men at det slett ikkje var meininga å provosere.
No vurderer dei eit namn som kan klinge betre i Høyanger, men innhaldet i brødposane blir det same, seier Berntsen i Naustdal Dampbakeri. Inntil dei finn eit nytt namn og får trykt opp nye posar, vil Førdebrødet no kome til Høyanger i nøytrale, kvite brødposar.