Hopp til innhold

Tonny Brochmann er truleg klar mot Molde

Tonny Brochmann (23) har slite med ein skade sidan byrjinga av mars, men no håpar han at han er tilbake i kampen mot Molde til helga.

Sogndal-Sandnes Ulf

KLAR TIL MOLDEKAMPEN? Tonny Brochmann er kanskje tilbake på fotballbana mot Molde til helga. Her etter kampen mot Sandnes Ulf i fjor.

Søndag vart Sogndal regelrett overkøyrde og gjort til latter av Rosenborg. Trønderane gav seg ikkje før det stod 0–4 på Fosshaugane Campus, der blant anna det siste minuttet før pause var heilsvart: Sogndal slapp inn to mål på eitt minutt.

Avriven muskel

På tribunen sat Tonny Brochmann, som har vore ute med skade sidan treningskampen mot Strømsgodset den 8. mars.

– Eg har ein avriven muskel i setemuskulaturen. Eg skal testast på nokre speløkter denne veka, og om det går som eg håpar so er eg kampklar til moldekampen laurdag, seier Brochmann.

– Skaden skal ha grodd no, so me får sjå å testinga denne veka. Han må i alle fall halda to fulle treningsøkter. Gjer han det, er han klar, men det er opp til trenaren om han får vera med i troppen eller ikkje, seier Sogndal sin fysioterapeut, Andreas Foss.

Dyngeland med meniskskade

Mathias Dyngeland

KNESKADE: Mathias Dyngeland fekk ein meniskskade under oppvarminga før kampen mot HamKam.

Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

Keeper Mathias Dyngeland er også ute med skade. Under oppvarminga til treningskampen mot HamKam den 23. mars fekk han ein kneskade.

– Mathias fekk ein påkjenning i menisken under oppvarminga til HamKam-kampen. Han har vore til MR-undersøking, so tysdag får me ei vurdering av kor alvorleg det er, seier Foss.

– Kor lenge kan han bli sitjande på sidelina?

– Det er veldig vanskeleg å svara på no. Det er varierande kor lenge ein er ute med ein slik skade, alt etter om han må sy, fjerna delar av menisken eller ikkje gjera nokon inngrep i det heile.

Også Ørjan Hopen er ute med skade. Han slit framleis med tåa si, som han opererte i januar, men Foss forventar at han er tilbake denne eller neste veke.

– Han driv på med opptreninga no, og han føler seg betre og betre, seier Foss.