Hopp til innhold

Brochmann herja med Førde

Trass til tider svært rufsete forsvarsspel sikra Sogndal seg ein enkel siger i treningskampen mot Førde i Sognahallen fredag kveld.

Tonny Brochmann skåra tre mål i treningskampen mot Førde 20. januar
Foto: Arve Uglum / NRK

Prøvespelar Kristian Fardal Opseth sette eit støkk i Sogndal då han klinka inn 1-0 til gjestene frå Sunnfjord etter sju minuttar. Sogndal-forsvaret hadde vist store sprekker ved fleire høve før det, og med maks utteljing kunne Førde faktisk hatt tre ballar i nettet før Opseth sitt langskot sette Sogndal-målvakt Leif Lysne ut av spel.

- Vår første omgang er "alldeles förklen" og vi blir tatt på senga. Dei kunne gjort fleire mål før vi vakna til liv, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

- For du kan ikkje vere nøgd med dette forsvarsspelet?

- Det er det klart eg ikkje er. Dei pumpa inn ballar og kom alt for lett til. Men det er bra for då lærer vi noko av det. Slik kan det ikkje sjå ut, seier svensken.

Mykje rot i forsvaret

Sjølv om midstopparane Gjermundstad og Næss Lund heldt fram med å rote det til bakover greidde Sogndal å etablere eit solid press framover på bana. Dagens mann var Tonny Brochmann, og han sette inn Sogndal sitt første etter 20 minuttar. Kort tid etter var han frampå igjen og sendte Sogndal i leiinga etter ein tabbe av Førde-keeper Vegard Skjeldestad. Like etterpå sendte Ulrik Flo Sogndal komfortabelt til pause ved å lage 3-1.

Fekk kontroll

Sogndal hadde eit betydeleg betre grep på spelet i 2. omgang og dominerte banespelet fullstendig. Likevel vart det med eitt mål i denne omgangen. Ulrik Flo vart felt av keeper og fekk eit soleklart straffespark. Sjølv om Sogndal sin faste straffeeksekutør dei siste åra, Ole Jørgen Halvorsen var bytt inn på det tidspunktet var det Brochmann som fekk jobben med å ta straffen. Dermed sette dansken inn sitt tredje for dagen.

- Andreomgangen er vi meir nøgde med. Vi er betre i pasningsspelet og jobbar hardare over heile bana. Når vi er audmjuke og gjer det vi skal så er vi bra, seier Olsson.