Hopp til innhold

Britisk mann pågripen for overgrep mot norsk 11-åring

– Det var ein fortvila far som oppdaga at sonen var inne på ein nettstad og blei utsett for eit overgrep, seier fungerande regionlensmann Magne Knudsen.

Magne Knudsen

LENSMANN: Magne Knudsen er fungerande regionlensmann i Indre Sogn.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Magne Knudsen bekreftar at det gjeld ein gut frå Indre Sogn. Han fortel at god dialog med Kripos førte til at saka raskt vart sendt over til England. Der vart mannen pågripen torsdag 27. juli.

11-åringen skal gjennom eit spel på internett ha blitt trua til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv og blitt pressa for pengar.

– Ein 19-åring er sikta for å ha teke kontakt og trua den 11 år gamle guten til å utføre seksuelle handlingar på seg sjølv. I samband med ugjerninga har guten også blitt pressa for pengar, seier Egon Husabø Kvigne, leiar for seksjon for Europol og Interpol i Kripos

Overgrepet blei direkte overført til personen i utlandet. Britisk politi vurderte at det var fare for pågåande seksuelle overgrep.

Fekk sikra bevis raskt

– Faren bad om råd og hadde sikra bevis der og då. Etter samtale med ein politimann i Sogn blei han råda til å ta kontakt med det lokale lensmannskontoret, seier Magne Knudsen.

Guten fekk naudsynt oppfølging og politiet sette raskt i gang med etterforsking, som då igjen førte britisk politi fram til mannen som no er sikta for overgrep.

Regionlensmannen seier at han vil oppmode foreldre som oppdagar liknande ting om å raskt ta kontakt med lokalt politi.

– Slik kan vi få sikra naudsynte bevis og gjort det som må gjerast raskt, slik som i denne saka, seier regionlensmannen.

Internasjonalt samarbeid

Han legg også vekt på at foreldra til den unge guten har gjort alt rett.

– Dei har handtert dette på ein fantastisk bra måte, seier Knudsen.

Leiar for seksjon for Europol og Interpol i Kripos, Egon Husabø Kvigne, seier det ikkje er uvanleg at dei blir kontakta om barn som blir utsette for overgrep via internett.

– Det skjer relativt ofte, og det treng ikkje å vere nokon samanheng mellom gjerningsmann og offer. Det kan vere lang avstand mellom dei geografisk.

– Dette er alvorleg kriminalitet som dei også i andre land prioriterer. Denne saka syner kor effektivt det internasjonale politisamarbeidet kan fungere, seier Kvigne.