Brite beste fjordsymjar - igjen

...men grunna tøff sjø brukte han over ein halvtime meir enn fjorårsvinnaren av Sognefjord Challenge.

Kjappaste symjaren, Kevin Murphy (58), ringjer i måklokka.

Kevin Murphy var kjappast over Sognefjorden denne gongen. Her ringjer han i målklokka.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Denne gongen var det Britiske Kevin Murphy (58) som var kjappast over Sognefjorden, med tida 1.32.40.

Dermed brukte han over ein halvtime meir enn fjorårsvinnar Lewis Gorden Pugh, som symde inn til tida 56.39.

- Veldig tøffe forhold

- Det var veldig tøffe forhold på fjorden i dag, seier Simone Stibbe i arrangementskomiteen.

- Dei sterkaste symjarane ville ha kome i land på under ein time viss veret var optimalt. Slik det er no, sym dei mykje meir enn dei 3,7 kilometrane som turen ville vore tvers over. Men det skal jo trass alt vera ei utfordring å klara Sognefjord Challenge, seier Stibbe.

Sleit med å pusta

Kevin Murphy er den ukrona kongen av den engelske kanal, etter å ha kryssa den 34 gongar. Tre av dei var doble, altså at han sumde fram og tilbake i eitt strekk.

- Det var litt vanskeleg å pusta, men elles gjekk det fint, sa Murphy, etter å vunne fjordsymjekonkurransen.

Sognefjord Challenge går frå Borlaug i Feios til Nokkaneset på Leikanger. I år deltok symjarar frå Storbritannia, Finland, Tyskland, Skottland og Norge. 18 symjarar fullførte, medan tre valde å bryta undervegs.

HØYR REPORTASJE: Sognefjord Swim Festival

Symjarane kastar seg i vatnet på Borlaug i Vik.

21 symjarar sette ut frå Borlaug i Feios laurdag. 18 av dei kom over til Leikanger på eiga hand.

Foto: Heidi Fagna / NRK