NRK Meny
Normal

Her set den spreke 95-åringen poteter

For Brita Heggelund på 95 og eit halvt år er alder ingen hindring. På småbruket sitt i Luster har ho allereie sett 50 kg poteter.

Brita Heggelund på 95 og eit halvt år, set frameleis poteter på småbruket sitt.

SPREK DAME: Brita (95) har gjort dette mange gonger før. Her vert årets poteter sett i jorda. Foto: Arne Heggelund

– Våren kom så brått på oss i år, så då måtte eg skunde meg ut i hagen for å sette potetene, fortel Brita Heggelund.

Den spreke 95-åringen har heldt på med dette sidan ho slutta i arbeid, men hadde også litt poteter før ho blei pensjonist.

Spennande å sjå avlinga

Før helga hadde ho akkurat vore ein tur austafor og då ho kom heim att fredag var det tid for å få potetene i jorda.

– Som regel er det i mai at det er best å setje dei, men med det godvêret som har vore, måtte eg setje i gong allereie no. Så no har eg sådd 50 kilo. Det er alltid spennande å sjå kor mykje det blir. Av og til er avlinga veldig god.

Har eit par fine leveransar

Heggelund bur heime åleine og styrer på med det meste. Inne vert det mykje hekling og husarbeid. Og ute syslar ho på i hagen. I tillegg til poteter er planen å ha litt grønsaker også.

– Det er nok ikkje så mange på min alder som held på slik. Og generelt er det vel ikkje så mange som held på med poteter her i området heller, fortel 95-åringen.

Potetene vert etter kvart middagsmat for Heggelund, men det vert også poteter til dei tre sønene.

– Ja, eg har eit par fine leveransar til dei ja, ler Heggelund.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.