NRK Meny
Normal

Brink til Lyn for fem mill. kroner

Christian Brink går frå Sogndal til Lyn. Overganssummen skal vera så høg som fem millionar kroner. Dermed blir han den dyraste forsvarsspelaren som nokon sinne har gått mellom to norske klubbar.

Christian Brink
Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Akkurat overganssummen tenkjer eg ikkje på. Den plagar ikkje meg, seier Christian Brink sjølv.

Brink kom til Sogndal frå 2. divisjonsklubben Stord/Moster før denne sesongen, og har berre ein halv sesong bak seg i 1. divisjon før han no skal opp på øvste nivå.

Lyn la inn bod på Brink også tidlegare i sommar, men den gongen sa Sogndal nei fordi Brink var ein viktig del av dei sportslege planane til klubben.

Men då Oslo-klubben la rekordsummen i bordet kunne Sogndal tydelegvis ikkje seia nei.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå