Hopp til innhold

Bringebærjus i Vik

Meieriet i Vik skal laga bringebærjus med lokale bær som råstoff.

Bringebær
Foto: NRK

- Det er stor produksjon av bringebær i Vik, og vi har funne ut at jusen går an å produsera med dei maskinane som finst på meieriet her, seier styrar Aksel Njøsen.

Nytt bein å stå på

Meieriet i Vik har i det siste slite med nedgang i salet av gamalost, og dei håpar at bringebærjusen kan bli eit nytt bein å stå på. Etter planen skal produksjonen starta opp i juli i år.

Aksel Njøsen kan fortelja at det har vore mykje arbeid med å utvikla den nye jusen. No er han spent på korleis det slår an.

- Vi har brukt smakspanel med både unge og eldre for å koma fram til det beste resultatet, seier Njøsen.

Nye arbeidsplassar

Njøsen seier det er vanskeleg å vita om produksjon av bringebærjus i Vik vil skape fleire arbeidsplassar på meieriet. Det er avhengig av om jusen blir ein suksess.

- Vi må først sjå korleis dette utviklar seg og korleis den nye jusen klarer seg på marknaden.