Hopp til innhold

Bringebæra kan få same rotesjukdommen som jordbæra

Gråskimmelsoppen er funnen også på bringebær. Resistens mot soppmiddel kan bli alvorleg for bærdyrkarane.

Bringebær

SOPP OGSÅ I BRINGEBÆR: Det er funne felt i Sogn og Fjordane med resistens mot soppmiddel. Dermed kan problemet med gråskimmel på bringebær auke.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

I år har fleire tonn jordbær blitt kastagrunn av gråskimmel-sopp. Soppen kan angripe bringebæra hardt òg, fryktar Rune Vereide i Norsk Landbruksrådgjeving.

– Vi har allereie problem i enkelte distrikt med gråskimmel. Det gjeld særleg for konsumbær. Der må kvaliteten vere på topp. Der blir ikkje gråskimmel akseptert i det heile.

Problemet vil auke ved resistens

Bringebæra er vanlegvis meir motstandsdyktige mot gråskimmelsopp enn jordbæra. Men likevel er det funne angrep. Men det er ikkje eit nytt problem.

– Resistens mot soppmiddel vil forsterke problemet framover fordi vi ikkje har preparat som kan vere resistensbrytarar. Dermed har vi kanskje eit større problem no enn vi har hatt tidlegare.

Resistens mot sprøytemiddel kan vere medverkande årsak til at gråskimmelsoppen angrip svært hardt enkelte stadar. På bringebær har det blitt funne felt i Sogn og Fjordane med resistens.

– Vi har påvist resistens mot fleire av dei vanlegaste soppmidla som vert brukt der. Det er dei same preparata som vert brukt på jordbæra, seier Vereide.

Kartlegg resistensen hos bringebæra

Vereide er for tida i Luster der han jobbar med eit prosjekt med gråskimmel og bringebær, i samarbeid med Norsk Institutt for Bioøkonomi. Det er ein del av eit større prosjekt som går over fleire landsdelar.

– Det er viktig å få kunnskap om kor alvorleg resistens er i bærfelta. Prosjektet kartlegg resistensnivået mot alle dei aktuelle preparata vi har tilgjengeleg.

For å unngå gråskimmelsopp finst det fleire gode tips og råd.

– Det er fleire gode tips i tillegg til å sprøyte. Det gjeld å ha luftige hekkar som tørkar raskt opp etter nedbør, og gje passeleg med gjødsling slik at det er ei balansert utvikling i feltet. Kva sort som er planta er også viktig.

Men det aller beste rådet er dyrking i tunnelar.

– Innanfor bringebær er tunneldyrking effektivt for å unngå gråskimmelproblem i bæra. Vi ser i år at det er ikkje problem i tunnelane, medan det på fritt land er større problem.