Landbruksministeren fekk sjå og smake den nye eksportnæringa

For første gong finn ein bringebær frå Sogn på fatet til kundar i land som Frankrike, Nederland og Belgia.

Landbruksministeren smakte bringebær frå Sogn

SYNFARING: Fylkesmann oddvar Flæte (f.v.) og statsråd Lars Peder Brekk (midten) på plass i bringebæråkeren i Sogn.

Foto: Birger Meland / NRK

Bringebær frå Sogn

I VINDEN: Bringebæra har lenge levd i skuggen av jordbæra. No har europeiske ganar fått smaken på dei små raude.

Foto: Birger Meland / NRK

Tysdag var landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) innom fruktgarden til Elin Falkegjerde og Olav E. Gjerde på Njøs på Hermansverk.

Dei har i år for første gong levert bringebær frå sin åtte dekar store plasttunnel i Sogn, til kundar på kontinentet.

– Det var nydeleg, både utan og med vaniljesaus. Det her var fantastisk godt, smatta statsråden.

– Over all forventing

Eksporten av sognebær er eit nytt prøveprosjekt og har ifølgje bringebærbonde Elin Falkegjerde gått over all forventing. Fleire lass er sende sørover.

– Det har gått så bra at vi har levert fleire gonger til Nederland, Belgia og Frankrike. Det er vel så enkelt å sende bæra til Europa, som å sende dei til dømes til Nord-Norge, meiner Falkegjerde.

Ei av dei store vekstnæringane

Og statsråden som tysdag gjesta garden, er full av lovord.

– Bringebær er ein av dei største suksessane i norsk landbruk for tida. Vi ser ein veldig auke i produksjon og verdiskaping basert på kunnskap, kompetanse og dyktige drivarar. Så det var veldig naturleg for meg å besøkje garden her og sjå korleis dei gjer det, seier Lars Peder Brekk.

Målet: 850 tonn om 10 år

Innan ein tiårsperiode har Gartneharllen, som står for eksporten, som mål å eksportere 850 tonn bær sørover til Europa. I år reknar ein med å eksportere om lag fem tonn.

– Det er kanskje ikkje så mykje, men vi er veldig fornøgde med responsen så langt. Mengda har vore mykje større enn kva vi planla og turte å håpe på, seier eksportsjef Vibeke Midgård i Gartnerhallen.

Har funne rette sorten

Forsknings- og utviklingssjef Nina Heiberg i Gartnerhallen trur ein har funne nøkkelen, etter lang tids testing av ulike bærsortar.

– Når vi fann den bringebærsorten som verkeleg var eigna, så small det til. Marknaden vil ha det, seier ho.

Bringebæra blir sett på delikatesse på europeiske matbord.

No er første mål å få sendt av garde heile lastebillass sørover til kontinentet.

– Der er vi kanskje om to års tid. Ein ser frå Sverige at det tok eit par år å byggje opp marknaden, men no går det jamlege mengder sørover.