Politiet har no avhøyrt alle dei meiner bør avhøyrast i saka. Vitna har fortalt om at hesten verka uroleg ei lita stund før han tok laus og sprang ut, men ingen har sett kva som gjorde hesten skremd, seier lensmann Geir Vidhammer i Stryn.
Fellesnemnar
Ulukka i Briksdalen 23. august, som involverte 16 hestar og 49 britiske turistar, er den fjerde på fem år i Briksdalen. På bakgrunn av dette skal politiet i Stryn i dag ha eit møte med Oldedalen skysslag for å leite etter fellesnemnarar ved dei ulike ulukkene, fortel strynelensmannen.
Politiet vil også be skysslaget om innspel i høve til den vidare etterforskinga av saka.