- Men no ser situasjonen igjen positiv ut, seier Frode Briksdal i Briksdal Breføring.
Mykje nedbør
Og årsaka til at breen ikkje minkar lenger er mykje nedbør sist vinter, seier overingeniør Hallgeir Elvehøy i hydrologisk avdeling i NVE.
- Det er lenge sidan det har komme så mykje snø som i år, og det betyr at det nok er meir masse på veg nedover mot Briksdalsvatnet i år enn tidlegare. Det er likevel litt overraskande at det skulle slå ut allereie i år. Det heng nok saman med at sommaren i år har vore kjølig så langt.
Stabiliserer brefronten
Men truleg er ikkje vinterens store snømengder nok til at breen skal bli større.
- Eitt år med mykje nedbør er ikkje nok til å breen går fram igjen. Dette vil nok mest virke til å stabilisere brefronten der han er.
Godt nytt for næringa
Ein langtidsspådom for breane kan ikkje NVE gje, Men likevel er det godt nytt for dei som driv næring på og kring breane at brefronten ikkje ser ut til å krype vidare oppover den næraste tida.
- Jo større han er, dess betre er det for både dei som vil sjå og dei som vil vandre på breen, seier Frode Briksdal.