Hopp til innhold

– Langs enkelte grenser kan ein kommafeil vere nok til at fisken blir stoppa

FLORØ (NRK): Brexit-dramaet i London fører til frykt og uvisse blant dei som skal sende fisken dei slaktar til Storbritannia.

Dagleg leiar i Slakteriet i Florø, Kristin Bergstøl Hansen, er klar til å gå ned i sløyehallen

FISKEN MÅ FRAM: Kristin Bergstøl Hansen er klar for å gå ned i sløyehallen. Fisken dei klargjer her vert ofte sendt til Storbritannia. Ho stadfester at ein brexit utan avtale kan gjere det verre å få fisken fram.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Kaoset skapt av brexit kjenner ein på Vestlandet. For bedrifter som driv med eksport av fisk, er problemet spesielt uvisse rundt den britiske grensa.

– Langs enkelte grenser kan ein kommafeil vere nok til at fisken blir stoppa, seier dagleg leiar Kristin Bergstøl Hansen ved Slakteriet i Florø.

Her sløyer og reinskar dei dagleg tonnevis av fisk, før eksportørar sender varene med norsk kvalitetsstempel til utlandet. Ved ein «hard brexit» risikerer dei at fersk fisk kan bli ståande på grensa – men vedgår at dei veit veldig lite om konsekvensane.

Kristin Bergstøl Hansen går ned trapp inne på Slakteriet i Florø

FRÅ HAV TIL TRANSPORT: Kristin Bergstøl Hansen forklarer korleis fisken vert gjort klar som eksportvare frå Noreg og ut i verda. Slakteriet AS er ei av pakkestasjonane til lakseeksportør Norwell.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Eit steinkast unna, hos lakseeksportøren Norwell i Florø, stadfestar dei uvissa som rår i næringslivet. Dei har Storbritannia som eitt av deira satsingsområde, og éin tilsett i London.

– Vi veit veldig lite om regjeringa si avtale og kva den inneheld av detaljar, så sånn sett lever vi i uvisse, seier driftsdirektør, Tor Hjalte.

Uro i London

Boris Johnson, statsminister i Storbritannia.

TAPTE AVSTEMMING: Boris Johnson tapte i går kveld avstemminga om ny utsetting av brexit, og no må opposisjonen fremje eit nytt forslag før parlamentet stengjer i fem veker.

Foto: - / AFP

Kaos er knapt eit dekkande ord for dei første septemberdagane i Storbritannia. August vart avslutta med sjokkmeldinga om at parlamentet skulle stengjast i fem veker, med under to månader igjen til EU si fastsette frist.

Men den ferske statsministeren Boris Johnson manglar full tillit frå partiet sitt, og har mista fleirtalet sitt. For å vinne att makta bad han om nyval 15. oktober, men Parlamentet sa nei. Mykje er uklart, men opposisjonen har vunne avstemming om å be Brussel om ny frist 31. januar. Det som er sikkert, er at om Johnson held fram som statsminister, kjem brexit. Anten avtala er der eller ei.Det gjer at næringslivet på Vestlandet førebels må leve i stor uvisse.

Westminster Palace

HEILT UEINIGE: I London er det steile frontar om brexit. Bråket i Westminster Palace, som huser parlamentet, får ringverknader over Nordsjøen, på vestlandskysten.

Foto: Espen Aas / NRK

Vestlandet kjenner trykket

Tal frå SSB frå 2017 syner at fylka på Vestlandet står for omtrent halvparten av all varetransport til Storbritannia frå det norske fastlandet.

– Det er gjort ein del arbeid for å unngå det verste, men vi veit ikkje korleis det vil fungere i praksis, seier Geir Sør-Reime.

Sør-Reime er internasjonal koordinator i Rogaland Fylkeskommune, som ligg an til å verte hardast ramma av brexit.

At bedriftene veit lite, seier han er ein tendens i heile Europa. Det er derfor forståeleg at næringslivet har vanskar med å førebu seg.

Laks på veg gjennom maskineriet i Slakteriet i Florø

LAKS I SLAKTERIET: Fiskeeksporten er ein stor industri på Vestlandet, og Storbritannia er ein viktig handelspartnar. Uroa i London har lokale konsekvensar i Noreg.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide sa tysdag til NRK at dei gjer det dei kan, men resultata er avhengige av britane.

– Vi har gjort det vi kan, men uvissa i næringslivet er heilt reell og det er mykje som ligg utanfor vår kontroll, sa utanriksministeren til NRK i på tysdag.

Ein haust i uvisse

Reinsking av laks i Slakteriet i Florø

SKAL UT I VERDA: Klokka tikkar når ein arbeider med ferskvarer. Fisken må bli sendt av garde så fort som mogleg.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

Inne i Slakteriet i Florø er lukta er ikkje til å teke feil av - fisk. Kristin Bergstøl Hansen forklarer dei ulike stega fisken skal gjennom, før han er klar som matvare.

Ho kan stadfeste at eksportnæringa kjem til å kjenne uvissa hausten har å by på.

– Det er heilt klart at dei som driv med eksport av laks, og har avtaler med Storbritannia vil merke det, seier ho

I verste fall vert lass med fersk fisk ståande på grensa – og til slutt kasta.