Hopp til innhold

Brevduer på avveg og kanarifugl utan bur - spesielle oppdrag for Dyrebeskyttelsen

Dyrebeskyttelsen fekk i dag melding om ein kanarifugl i ein vinterhage i Florø, samt ei brevdue i ei stove i Naustdal. Etter kvart viste det seg at ho ikkje var den einaste som mangla returadresse...

Kanarifugl og brevdue

VIL HEIM: Ein kanarifugl og ei brevdue flaug inn i ein vinterhage og ei stove. Dyrebeskyttelsen leitar etter eigarane.

Foto: NRK-TIPSAR

– Begge er i god form og har det etter forholda fint, fortel leiar i Dyrebeskyttelsen Norge i Sogn og Fjordane, Bettina Astor.

Framleis på besøk

Brevdua fauk tidlegare i dag inn i stova til ein mann i Naustdal og kanarifuglen sat plutseleg i ein vinterhage i Florø. Fuglane er framleis på besøk der dei landa tidlegare i dag. Astor fortel at dei blir tekne godt vare på.

– Dei som har kanarifuglen har vore ute og kjøpt undulatblanding til han, og brevdua skal ha fått nokre brødskiver, seier ho.

Prøvar å finne eigarane

Kanarifuglen skal vere ganske tam, medan brevdua er litt verre å kome nær. Brevdua er merka, men grunna at den er sky har ikkje mannen funne ut kvar den kan returnerast.

– Vi håpar å kome i kontakt med eigarane, men om vi ikkje får til det må fuglane inn i systema våre og vi må finne ein ny heim til dei, seier Astor.

Leiaren meiner kanarifuglen kjem frå ein plass i nærleiken, medan brevduene har ein tendens til å fly lenger. Astor har tru på at ein kjem i kontakt med eigarane.

Nok ei brevdue på avveg

Men brevdua i Naustdal er ikkje den einaste på avveg. Like etter at NRK la ut artikkelen fortel Jon Bjørn Fløtre at dei også har ei gåande på Fløtre Maskin AS på Byrkjelo.

– Ho går no her og stig, inn og ut som eit husets vesen, seier han.

Breva dua kom til butikken mellom klokka 14.00 og 15.00 måndag, og har ikkje gjort teikn til å ville reise igjen.

– Ho er ikkje redd, nei. Det er nesten så vi kan ta på ho, fortel Fløtre.

Dersom nokon saknar ein kanarifugl eller ei brevdue kan dei ta kontakt med Bettina Astor på 412 44 002