Funnet vart gjort under målingane av frontposisjonen til Supphellebreen som Bremuseet utfører kvar haust.
Uvanleg dimensjon
Tre-resten er meir enn 35 cm i diameter og over 2 m lang, og dimensjonane er uvanlege for tre i dette området i dag. Det er sendt inn prøver til forskingsinstitusjonar for å få ei aldersdatering og for å finne ut treslaget.
Under bremålingane i haust fann folk frå bremuseet også ein stor stein med ei gamal markering som professor Olav Orheim brukte under bremålingar på 60-talet. Det fortel oss at breen i år ligg på nesten same plassen som i 1964, seier Karen Weichert ved Norsk Bremuseum.
Foto Steinar Lote © NRK
Fleire tusen år gamalt
Det kan hende at Supphellebreen no er mindre enn nokon gong etter 1750. Kring 1750 nådde breen eit maksimum i den såkalla vesle istida – ein periode med kaldare klima. Dette var ein periode med kaldare klima som byrja rundt 1400 og vara til om lag 1900. Slik sett er treet ganske sikker over 600 år gamalt, men kan det kan godt vere 8000 år gamalt.
Fortel om klimaet
Bremuseet skal ta vare på treet i tilfellet det skulle vise seg at han er veldig gamalt. – Dette må vi gjere no fordi breen har slutta å smelte og til våren vil området der treet ligg vere under isen igjen, seier Weichert. Funnet kan hjelpe å rekonstruere brevariasjonane rundt Jostedalsbreen og seie noko om klimaet den gongen treet vaks.
Supphellebreen. Foto Steinar Lote © NRK