Hopp til innhold

Var spådd nedgang – går så det susar

Det var venta at turistane skulle utebli, men slik har det ikkje blitt. På Jostedalsbreen Nasjonalparksenter har dei nesten tredobla talet besøkjande.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn

TREDOBLING: Så langt i år har det vore nesten tre gonger så mange gjester innom på Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn enn i same periode i fjor.

Foto: Ottar Starheim / NRK

I forhold til periode i fjor er besøkstala på bresenteret i Oppstryn ein skikkeleg opptur.

For mange har spådd nedgangstider for turistnæringa, men dei tre bresentra i Sogn og Fjordane har gjort det godt til no. Anne Kjos-Wenjum Armas er oppglødd og ser lyst på framtida.

– Slik det ser ut no, med den interessa vi har, så trur eg det vil eksplodere i 2014, seier ho til NRK.no.

– Kjempesesong

Anne kjos-Wenjum Armas

NØGD: Anne Kjos-Wenjum Armas er svært godt nøgd med besøkstala så langt denne sesongen.

Ho er dagleg leiar ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn. Der går senteret som det susar og har hatt over 5700 fleire besøkjande enn på same tid i fjor.

Det betyr nesten ei tredobling.

– For oss er dette ein kjempesesong, og vi har stor interesse frå både utlandet og godt lokalt besøk, seier ho.

Armas meiner at årsaka er at senteret har brukt heile vinteren til å lage eit heilskapsprodukt for å tiltrekkje seg fleire besøkjande.

– Det er nettopp på ein pakke der vi har film, omvising og lunsj at vi no har auka frå 100 bussgrupper i fjor til 400 bussgrupper i år, seier Armas til NRK.no.

(Artikkelen held fram under videoen)

17. mai opnar det nye Breheimsenteret i Jostedalen.
Det gamle besøkssenteret brann ned til grunnen for to år sidan. No er det travle dagar før opninga på fredag.

SJÅ TV-SAKA: Breheimsenteret i Jostedalen står opp att frå oska.

Over budsjett og betre enn i fjor

Også dei to andre bresentra i Sogn og Fjordane har gode besøkstal til no i år. Breheimssenteret i Jostedalen brann ned til grunnen i slutten av juli for to år sidan, og kunne endeleg opne att 17. mai i år. Allereie har det vore mange turistar innom.

Norsk Bremuseum i Fjærland har hatt 12.000 besøkjande sidan april. Det er dagleg leiar John Brekke godt nøgd med.

– Vi veit jo at ein for i år hadde spådd nullvekst i reiselivet i Norge, så det at vi greier ligge litt føre budsjettet og fjoråret er vi kjempenøgde med, seier han.

– Oppleving og underhaldning

Brekke trur senteret går bra fordi dei tilbyr ei oppleving til dei som kjem på besøk.

– Eg trur nøkkelen ligg i å vere eit moderne senter som kan underhalde, samtidig som vi formidlar viktig og spennande kunnskap.

Også Armas ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er samd i at ein må underhalde for å trekkje folk.

– Det skal vere ei oppleving, ikkje berre ein plass der ein går inn og les på plakatar, seier ho.