Hopp til innhold

No kan du sjå dokumentaren om Garolin sin tragiske lagnad

Ei frykteleg skjebne og ei uendeleg trist historie. No kan du sjå NRK Brennpunkt sin dokumentar om asylsøkjaren Garolin, som valde å setje fyr på seg sjølv og sonen i ein brann i Førde januar 2012.

Garolin Brennpunkt

DØYDDE: Garolin Nesaraja vart berre 24 år. I januar 2012 tok ho med seg sonen i branndøden i Førde.

Foto: NRK

Bak dokumentaren står journalistane Bjørn Moldstad og Håkon Haugsbø. I eitt år har dei gjort djupdykk i livshistoria til Garolin Nesaraja, frå ho vart fødd på Sri Lanka til ho enda sitt liv så tragisk på eit asylmottak i Førde.

– Det er jo først og fremst den veldig dramatiske og djupt tragiske måten denne historia slutta på. Nemlig ved at ei ung kvinne og hennar lille gut døydde i ein sjølv-påført brann, seier Haugsbø til NRK.

Kvar har si historie

For han handlar det og om å få fram at kvar og ein av dei asylsøkjarane som kjem hit til landet har ei eiga historie.

– Det er også heilt sikkert mange i Førde som har gått forbi Garolin eller site på ein benk på Handelshuset ved siden av henne utan å ane kva den kvinna skjulte av historie. Når det enda så tragisk, og vi veit at ho kom frå eit krigsherja land, så tenkte vi at her ligg det ei historie som fortener å bli fortalt. Det fekk vi rett i, seier Haugsbø.

Håkon Haugsbø og brannen i Mølletunet.

TRAGISK: Håkon Haugsbø (innfelt) og Bjørn Moldstad står bak Brennpunkt-dokumentaren om Garolin.

Foto: Fotomontasje / NRK

Var i Tamiltigrane

– Kva historie er det de vil fortelje i kveld?

– Vi fortel historia til ei glad, lita jente som var oppteken av å gjere foreldra sine nøgde. Så skjer det ting som gjer at ho viklar seg inn i opprørsgeriljaen Tamiltigrane (LTTE). Der blir ho i eitt år før ho kjem seg ut av uniformen og ut av geriljastyrkane. Så er det flukta til Norge som skjer med lånte pengar. Det sit ein far att på Sri Lanka som har lånt seg fullstendig raka fant i von om at dottera skulle få eit nytt og mykje betre liv i Norge, fortel programskaparen.

Slapp ikkje inn

Det far til Garolin har att etter henne er eit lefsete fotoalbum og nokre gode, men såre minner og ei gjeld han ikkje klarer å betale.

– Vi har følgd spora attende til Sri Lanka, men det er også det vi har gjort. Paradokset her er at styresmaktene på Sri Lanka lot oss ikkje få reise dit for å fortelje denne historia. Det gjer at vi har brukt flinke frilansarar som bur på Sri Lanka og som har reist til Jaffna-området og som har jobba under cover for Brennpunkt. Jobba mot styresmaktene sin viten og vilje.

Sterkt prega

– Korleis har det vore å jobbe med ei slik sak?

– Dette var utan tvil den saka som prega meg mest i 2012. Eg trur det først no på slutten at eg forstår kor prega eg har vore av dette. Det er noko med å gå inn i historia til eitt menneske, eller for så vidt to. For dette er også historia om den vesle guten som vart fødd i Førde, men som aldri fekk vekse opp, seier Haugsbø, som sjølv kjem frå Førde.

– Det å ta på seg å fortelje historia til Garolin som ikkje lenger er her, og vere den som skulle som i den samanhengen skal fortelje hennar livshistorie, har vore ei bør på skuldrane. Det er jo ikkje noko muntert. Det er ingenting i denne historia som gir meg grunn til å trekkje på smilebandet.

Svært sterk historie

Det er ei svært sterk historie sjåarane får servert frå NRK Brennpunkt, og Haugsbø seier at det sikkert er nokon som tenkjer at dette orkar dei ikkje å sjå på.

– Men nettopp difor er det så viktig at ein ser dette, fordi det var først då dette grusome skjedde at vi fekk vite kven denne jenta var. Alle eg har snakka med i asylapparatet fortel meg at denne saka var ikkje spesielt ille. Sjølve asylsaka hennar var ikkje spesielt uvanleg. Det ille var måten den enda på.