Brende meiner at situasjonen med Hydro i Høyanger og Årdal ikkje er identisk med nedlegginga av Union i Skien, og seier han opplever kritikken frå Ap som sårande.
Sterkt og negativt
- Eg reagerer veldig sterkt og negativt, og syns det er sårande skuldingar. I Høyanger tok eg direkte kontakt med konsernsjef Reiten og fekk utsett oppseiingane, og Hydro trur dei skal klare å sysselsette dei 90 som blir oppsagt med ny jobb innan konsernet. Det er ein heilt annan situasjon enn i Skien der 380 kan bli ståande heilt utan jobb.
- Urimeleg
- Og i Årdal har eg personleg jobba aktivt for å få til alternativ verksemd. Vi gjekk inn med 100 millionar kroner for å få Scanwafer til å etablere seg i bygda. Det fekk vi ikkje til, men eg har stått på både for Høyanger og Årdal. Dette er eit politisk spel frå Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane som kritiserer meg på eit veldig urimeleg grunnlag, seier Brende.