Lokallagsleiar og varaordførar i Naustdal, Harald Kvame, krev at næringsministeren no jobbar for at det likevel kan byggjast ut minikraftverk i Nausta, sjølv om elva blir verna.
Må akseptere vern
- Vi er skuffa, men når Nausta no er verna, må vi akseptere det og finne ein ny ståstad, seier Kvame. Det er enno ikkje avgjort kor sterkt vern av Nausta vil gripe inn i det såkalla "Fleirbruksprosjektet for Nausta". Tilhengjarane kallar prosjektet ei miljøbasert vassdragsutbygging som også tek omsyn til laksestammen.
Nausta Arkivfoto Heidi Lise Bakke NRK
Brende vil påverke
No set dei si lit til at næringsministeren og resten av Høgre klarer å påverke ordlyden i vedtaket om å verne Nausta. Og det sa Brende at han vil gjere. - Det er klart at vi må ta Sogn og Fjordane i bruk. Og det var nettopp difor eg som miljøvernminister i si tid sa ja til kraftutbygging i Kjøsnesfjorden innafor nasjonalparkgrensene. Det har aldri skjedd tidlegare, seier Brende.
Vern kan og stanse steinprosjekt
Men det er fleire verneplanar som plagar høgrefolka i Naustdal. Vern av Førdefjorden som nasjonal laksefjord kan setje ein effektiv stoppar for planane om gruvedrift i Vevring. Naustdal kommune og private selskap arbeider intenst med å få næringsverksemd ut av mineralet rutil som finst i store mengder i Engebøfjellet.
Steinmasse i sjøen
Men problemet er at gruvedrift føreset deponi av masse i sjøen, til gruva blir så stor at ein kan legge steinmassane tilbake i fjellet. Planen stoggar truleg dersom Førdefjorden blir verna.
- Tek omsyn til lokale interesser
Fylkesmannen gjekk nyleg så langt som å seie at det er eit demokratisk problem at Direktoratet for naturforvalting og nasjonale styresmakter sjeldan tek omsyn til lokale interesser. Det er ikkje næringsministeren samd i. Han viser til at han som miljøvernminister i forrige omgang krympa kraftig det framlegget som låg føre for Sognefjorden som nasjonal laksefjord. Men om det same vil skje med Førdefjorden, kan han ikkje love no.