Hopp til innhold

Bremuseum set seg høge mål

Norsk bremuseum i Fjærland ynskjer å bli eit av landets leiande opplevingsmuseum.

John Brekke

FORNYING: Museumsdirektør John Brekke hos Norsk bremuseum i Fjærland seier dei har store mål for museet.

Foto: Birger Meland / NRK

Eit slik mål vil mellom anna krevje fornying av teknologiske løysingar som skal gi spennande utstillingar kvart einaste år.

Museumsdirektør John Brekke meiner målsetning absolutt er oppnåeleg.

– Vi trur det er veldig realistisk, fordi vi har veldig høgt score frå våre besøkjande når vi spør kva dei tykkjer om ulike delar av museet. Ved å gjere nokre grep så har vi føresetnadene for å bli eit slikt leiande museum, meiner han.

Fornying kvart år

Norsk Bremuseum har til no i år teke imot 22.000 besøkjande. Når sesongen er over, trur Brekke at besøkstalet vil ligge oppunder 50.000.

No håpar Brekke å kunne realisere mange av planane han har for museet. Dei fleste er framleis på idéstadiet, men til neste vår vil ein mammutpark stå klar.

– Utover det kjem vi også til å køyre store fornyingar dei neste fem åra. Vårt ynskje er å presentere ei ny stor spennande utstilling kvart år. Vi ynskjer også å ta museet inn i framtida teknologisk. Det vil seie å ligge i forkant med spennande teknologiske løysingar, seier Brekke.

Store ringverknader

Målet om å bli leiande innanfor sitt slag i Norge, har mange delmål. Museumsdirektøren ynskjer blant anna å gjere bremuseet meir levande, gjennom fleire aktivitetar som til dømes ein festival.

Eit anna ledd i planen er å ta i bruk fleire språk for å imøtekomme gjestar frå nye land. Dersom bremuseet når målet, trur Brekke det vil gje store ringverknader.

– Aktivitet skaper meir aktivitet. Vi jobbar veldig tett saman med dei andre aktørane både her, og utanfor Fjærland. Så at dette vil få ringverknader er heilt klart, seier Brekke.