I dag får museet overlevert ein million kroner frå DNB si Sparebankstifting, som skal gå til denne parken.
Direktør John Brekke ved bremuseet seier mammutparken blir ei oppleving for både små og store.
– Parken kjem på plass våren 2013. Vi set spada i jorda så fort snøen forsvinn. Ein mammutfamilie kjem først på plass og etter kvart blir det også ein pedagogisk leikeplass, fortel han.
Fortener meir plass
To meter høge mammutar vil frå våren av helse publikum velkomne til Norsk Bremuseum i Fjærland. Brekke seier den utdøydde rasen fortener meir plass i museet.
– Den er ei naturleg utviding av utstillinga vår. I dag har vi ein liten mammutdel som forklarar litt og vi har også ei mammut-tann frå Sibir.
Det elefantliknande dyret med tjukk pels og enorme støttenner, vandra gjennom Europa og kom til Norge. Etter kvart blei dei borte igjen.
– Dei siste mammutane i verda døydde ut for mange tusen år sidan. Dette er eit spennande dyr som passar godt til bremuseet.
Treng meir pengar
I dag er den første millionen til finansiering på plass, men dei treng framleis meir støtte for å få heile parken på plass.
– Vi held fram jakta på mammutpengar. Vi treng vel ein 700 000–800 000 kroner til for å komme i mål med parken. Utstillinga blir laga av erfarne folk i London, så dette blir verkeleg ein flott park, seier Brekke.