Hopp til innhold

Bremer: - For lettvint av Aarebrot

Fylkesvaraordførar Tor Bremer frå Arbeidarpartiet meiner det er altfor lettvint å leggje all skuld på politikarane i denne saka.

Tor Bremer og Nils R. Sandal

Tor Bremer saman med fylkesordførar Nils R. Sandal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Det som er oppsiktsvekkande er at ein professor i Statsvitenskap ved Universitetet i Bergen ikkje er klar over at det er heilt andre tunge samfunnstrendar som styrer utviklinga i fylket vårt. Det er ikkje nok å flytte fylkesadministrasjonen med litt over 100 arbeidsplassar til kysten og tru at det vil gje titusenvis av nye menneske, seier han.

Men Bremer gjev Frank Aarebrot rett i eitt punkt.

- Det er utruleg med moglegheiter på kysten, men det som er avgjerande er at det er alt for dårleg utbygt infrastruktur for å utnytte dette, seier han. Bremer meiner at det er for lettvint å argumentere med at ein nedprioriterer kysten.

- Utfordringa er å tiltrekke seg næringsliv og å skape arbeidsplassar, men vi slit med for dårlege vegar, for dårlege hamnar og for dårleg flytransport. Ein må heller ikkje gløyme eitt viktig punkt: Dei andre vestlandsfylka karrar til seg det meste av aktivitetar knytt til oljeindustrien. Grunnen er manglande politisk styring til god og jamn fordeling langs kysten av arbeidsplassane, seier han og meiner dette skuldast vedtak gjort av stortingspolitikarane.