Hopp til innhold

Bremer og Heggø vraka av Ap-bastion

Ingrid Heggø og Tor Bremer har gjort så lite ut av seg på Stortinget at Arbeidarpartiet i Ap-bastionen Årdal ikkje vil ha dei på toppen av lista fram mot stortingsvalet neste haust.

Ingrid Heggø og Tor Bremer

VRAKA: Årdal Ap vil ikkje ha Tor Bremer og Ingrid Heggø på dei øvste plassane på partiet si liste fram mot stortingsvalet.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Partiveteran Kolbjørn Kastet er blant dei som ikkje er nøgd med jobben dei to har gjort, skriv Sogn Avis.

– Det er vanskeleg for meg å vere med på å nominere dei to som ikkje har gjort ein døyt for samfunnet her, seier Kastet til avisa.

– Vi er ikkje nøgde

Før medlemsmøtet i Årdal Ap hadde styret i utgangspunktet nominert 11 urangerte namn på lista, blant dei også Ingrid Heggø og Tor Bremer. Dette likte Kastet dårleg, og då han spurte styret om dei faktisk var nøgde med jobben til dei to stortingsrepresentantane svarte nestleiar Morten Skarbø slik ifølgje Sogn Avis.

– Vi er ikkje nøgde. Dei har vore lite synlege og vi høyrer lite frå dei.

Resultatet av medlemsmøtet vart at Årdal Ap no har lansert Anette Stegegjerde Nordberg frå Luster som toppkandidat, medan fylkesleiar Nils P. Støyva følgjer på andreplass, Kristin Maurstad frå Vågsøy på tredje og Hilmar Høl på fjerde.

Kastet seier til avisa at det er svært viktig kven som blir ståande som toppkandidat fram mot neste val, og viser til at Sogn og Fjordane då går frå fem til fire stortingsrepresentantar.

– Det er viktig at vi får inn nye og duglege folk, slik som Anette Stegegjerde Nordberg, seier partiveteranen.

Trist, meiner Heggø

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø seier ho ikkje vil kommentere ein pågåande nominasjonsprosess, men seier samtidig til avisa at det er trist at Årdal ikkje vil ha ein industritalsperson. Bremer på si side viser til at retten til fri nominasjon er ein grunnleggjande rett ved demokratiet.

Ifølgje Sogn Avis er Tor Bremer vraka også av Lærdal Ap, medan Ingrid Heggø her er på topp. Heggø er også toppkandidaten til Balestrand Ap, som samtidig har vraka Tor Bremer frå topp femlista.

Både Luster Ap og Vik Ap vil begge halde på Heggø og Bremer på topp.

Tor Bremer er medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, medan Ingrid Heggø er medlem i Næringskomiteen.