Hopp til innhold

– Det er uaktuelt for kommunen med ei kraftline i den austlege delen av Myklebustdalen

Bremanger kommune støttar ikkje kraftlinetraséen gjennom den austlege delen av Myklebustdalen. Det har formannskapet slått fast.

Myklebustdalen kraftlinje

MÅTTE STOPPA: Statnett måtte stoppa arbeidet med trafostasjonen i Myklebustdalen med umiddelbar verknad.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

Det skriv Firdaposten.

Det har vore knytt ein del uvisse og forvirring om kva Bremanger kommune meiner i den betente saka om kraftlina som skal gå frå Fardal i Sogndal til Ørskog på Sunnmøre.

For om lag ein månad sidan måtte Statnett stoppa arbeidet i Myklebustdalen med umiddelbar verknad, då ein dom i Gulating lagmannsrett slo fast at vedtaket frå Olje- og energidepartementet var ugyldig.

I valet sitt av å føra kraftlinja gjennom den austlege delen av Myklebustdalen i Bremanger, peika dåverande Olje- og energiminister Ola Borten Moe på at det hadde støtte i kommunale vedtak i Bremanger kommune.

I eit ekstraordinært formannskapsmøte via telefon på torsdag, var det liten tvil om kva standpunkt kommunen har, skriv avisa.

– Det er uaktuelt for Bremanger kommune å ha kraftline gjennom den austlege delen av Myklebustdalen, er den klåre meldinga frå formannskapet.

Firdaposten skriv vidare av kommunen primært ønskjer at traséen Grov-Åskora blir greidd ut, dersom ikkje det er mogleg, vil dei ha kombinasjonstraséen gjennom Myklebustdalen sin vestlege del, sørover mot Førdedalen og vidare gjennom Førdedalen sin austlege del.