Det er uvisst når leiaren er tilbake i arbeid att. Det betyr at dei to andre tilsette i selskapet kjem til å ta mykje av arbeidet til den sjukmelde leiaren.
Budsjett på to millionar
Bremanger Vekst vart starta for seks år sidan for å skape ny aktivitet i Bremanger, som hadde status som omstillingskommune. Selskapet hadde då eit budsjett på fem millionar i året - halvparten pengar frå staten. No er selskapet hundre prosent kommunalt med betydeleg mindre pengar, dvs eit årleg budsjett på to millionar.
Og eit spørsmål å undrast over er om ikkje næringslivet i Bremanger har hatt for høge forventningar til det no sterkt reduserte selskapet. I alle høve har tida med den nye daglege leiaren, som starta første mai, vore svært turbulent.
Stiller spørsmål
Konfliktane toppa seg i september, då han stilte spørsmål ved økonomiske transaksjonar gjort av den tidlegare leiinga. Styret har i ettertid kontrollert og ikkje funne noko ureglementert. Til NRK seier den sjukmelde leiaren at han aldri har skulda nokon for noko, berre stilt spørsmål ved dokument han fann i arkiva til Bremanger Vekst.