Hopp til innhold

Davik i Bremanger skal representere Sogn og Fjordane i landsfinalen i Klassequizen

Desse tre skal representere fylket i landsfinalen 10. mai. Vinnarlaget frå Bremanger kjem frå den minste skulen av dei fire deltakarane. Kan dette laget vinne i landsfinalen?

Vinnarlaget frå Davik Oppvekstsenter

VINNARAR: Klassequiz-general Erlend Blaalid Oldeide og vinnarane frå Davik Oppvekstsenter, Stijn van Oorschot, Peder Midtbø Liseth og Håkon Bakke

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

– Det var veldig moro! Takk til Farnes for kampen, sa Stijn van Oorschot.

–Det blir kjekt å kome tilbake til Bremanger, fortalde Peder Midtbø Liseth

Dei har allereie begynt å tenke på finalen i mai, og er opne for innspel på kva dei kan bli betre på:

–Vi vonar vi får mange gode helsingar og kritikk, sa Håkon Bakke.

Davik Oppvekstsenter er den minste skulen av alle dei som deltok i fylkesfinalen, med ei 10. klasse på berre 19 elevar. Presset ligg no på elevane etter å ha slått ut så mange andre gode lag.

Direktesendt finale Klassequizen

DIREKTE: Fylkesfinalen vart sendt på både radio og nett-tv direkte. Her er publikum og deltakarar like før sending.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Direktesendt finale

Etter to spennande rundar i semifinalen blei det Davik Oppvekstsenter og Farnes som skulle møte i finalen. Kampen var først mellom Halbrend skule og Davik oppvekstsenter og andre kamp stod mellom Stryn ungdomsskule og Farnes skule.

Sjå Finalen i KlasseQuizen i Sogn og fjordane

SJÅ FINALEN: Slik vart Klassequizen i Sogn og Fjordane avgjort.

Finalen var i dag under ettermiddagssending til NRK Sogn og Fjordane med Klassequiz-general Erlend Blaalid Oldeide. Tevlinga blei også direktesendt på nett-tv. Stryn, Førde, Bremanger og Årdal konkurrerte om ein plass i landsfinalen den 10. mai og ein premie på 5000 kroner

(Sjå spørsmål, rett svar og poengfordelinga lenger ned i saka)

Vinnarlaget Davik Oppvekstsenter

FEIRAR: Glade vinnarar, med tolv av tolv rette i siste runde. Frå venstre: Stijn van Oorschot, Peder Midtbø Liseth og Håkon Bakke

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Dei beste i fylket

Det som byrja med 30 lag, har etter over tre månader med tevling blitt til fire lag. Fem lag låg til slutt på topp, alle med elleve poeng. Da måtte det ein konkurranse til for å avgjere kven som skulle møte i fylkesfinalen.

Desse var med på dei fire laga:

  • Davik oppvekst: Håkon Bakke, Peder Liseth og Stijn von Oorschot.
  • Halbrend skule: Rita Haveland Borlaug, Frede Håland Grepstad og Magne Gryte.
  • Farnes skule: Olav Angel Nundal, Scott Stewart Søvik og Endre Vigdal Øren.
  • Stryn ungdomsskule: Vegard Aaland, Bjørnar Bøe og Miriam Flo.

Er dette landsvinnarane?

Farnes skule 3. plass

3. PLASS: Scott Stewart Søvik, Endre Vigdal Øren og Olav Nundal frå Farnes skule i Årdal. Blide gutar trass tapet.

Foto: Oddbjørn Myklebust Opsal / NRK

Nervane var i heilspenn før siste runde i fylkesfinalen. Men Davik hadde ei utruleg sisterunde, der dei hadde tolv av tolv rette.

Dei blei prisoverrekking og gratulasjonar frå distriktsredaktøren i NRK Sogn og Fjordane, Kai Åge Pedersen.

– Eg er svært imponert over kunnskapsnivået, mange spørsmål eg ville hatt store problem med sjølv, skrytte Pedersen.

Farnes skule nådde dessverre ikkje opp og fekk ni poeng. Dei sukka tungt, og seier det var surt å tape etter å ha kome så langt som til fylkesfinalen.

Men dei ønskte elevane frå Davik Oppvekstsenter lukke til i landsfinalen.

Her er spørsmåla dei fekk i fylkesfinalen:

VEG 3–4

1. Kva forfattar skreiv «Paa gjengrodde Stier»?
SVAR: Knut Hamsun (Farnes 0 – 1 Davik)

2. Kva heiter galaksen som vårt solsystem er ein del av?
SVAR: Mjølkevegen (Farnes 1 – 1 Davik)

3. Kva heiter leiaren i Kristeleg Folkeparti, som tidlegare leia transportkomiteen på Stortinget?
SVAR: Knut Arild Hareide / Hareide (Farnes 1 – 1 Davik)

4. Kva for ein amerikanar gjekk mykje i tog, og er kjent for orda «I have a dream»?
SVAR: Martin Luther King jr. (Farnes 1 – 1 Davik)

NOREG 4–4
1. Kva for eit år vart den siste unionen med Sverige oppløyst?
SVAR: 1905 (Farnes 1 – 1 Davik)

2. Kva er nasjonalfuglen i Noreg?
SVAR: Fossekall (Farnes 1 – 1 Davik)

3. Kva fylke har færrast folk av Finnmark, Sogn og Fjordane og Aust-Agder?
SVAR: Finnmark (Farnes 1 – 1 Davik)

4. I kva idrett er Christian Berge landslagstrenar?
SVAR: Handball / herrehandball (Farnes 1 – 1 Davik)

KROPPSDELAR 2–4
1. Ein norsk konge har fått ein kino kalla opp etter seg i Bergen. Kva heiter han?
SVAR: Magnus Barfot / Magnus Berrføtt (Farnes 0 – 1 Davik)

2. Hender, hjarte og hovud er tre av dei fire H’ane i 4H sitt motto. Kva er den siste?
SVAR: Helse (Farnes 0 – 1 Davik)

3. Kva heiter disneyfiguren Langbein på engelsk?
SVAR: Goofy (Farnes 1 – 1 Davik)

4. Kvar på kroppen finn vi knoklane ambolten, hammaren og stigbøyelen?
SVAR: I øyret (Farnes 1 – 1 Davik)


Halbrend skule – Davik oppvekst (8–10)

I den første delfinalen stod det mellom Sunnfjord og Nordfjord. Det blei ein knapp seier til Davik Oppvekst, der to poeng skilde laga.

Elevane ved Halbrend seier dei kanskje var litt for sjølvsikre. Dei var ikkje bitre taparar:

–Men det var kjekt å kome hit, sjølv om det var synd vi ikkje vann, sa Peder Liseth.

Davik oppvekst: Håkon Bakke, Peder Liseth og Stijn von Oorschot.
Halbrend skule: Rita Haveland Borlaug, Frede Håland Grepstad og Magne Gryte

KONGELEG 3 – 3
1. Kva heiter den vonde skaparen av den eine ringen i Ringenes Herre?
SVAR: Sauron (Halbrend 0 – 1 Davik)

2. Kva heiter dronninga av Danmark?
SVAR: Margrethe / Margrethe 2. (Halbrend 1 – 0 Davik)

3. I kva for ein Disney-film høyrer vi songen «Hakuna matata»?
SVAR: Løvenes konge (Halbrend 1 – 1 Davik)

4. Kva er hovudstaden i kongeriket Thailand?
SVAR: Bangkok (Halbrend 1 – 1 Davik)

KULER OG KRUT 3 – 3
1. Kva heiter den britiske forfattaren som skreiv om krimhelten Hercule Poirot?
SVAR: Agatha Christie / Christie (Halbrend 1 – 0 Davik)

2. I kva by fall skota som utløyste den 1. verdskrigen?
SVAR: Sarajevo (Halbrend 1 – 1 Davik)

3. Kva for ei av desse gradene i militæret er høgast i den norske hæren:
Kaptein – fenrik – løytnant?
SVAR: Kaptein (Halbrend 0 – 1 Davik)

4. Kva engelsk fotballklubb har kallenamnet «the gunners»?
SVAR: Arsenal (Halbrend 1 – 1 Davik)

KRAFT 2 – 4
1. I kva filmserie møter vi jedi-læremeisteren Yoda?
SVAR: Star wars (Halbrend 1 – 1 Davik)

2. Kva for ein Pokémon kan utvikle seg til Raichu?
SVAR: Pikachu (Halbrend 1 – 1 Davik)

3. Kor mange OL-gull har roaren Olaf Tufte?
SVAR: To (Halbrend 0 – 1 Davik)

4. Kva var dei tre kraftige aksemaktene under 2. verdskrigen?
SVAR: Tyskland, Japan og Italia (Halbrend 0 – 1 Davik)

Davik Oppvekst (Bremanger) mot Halbrend skule (Førde): 10-8

FØRSTE SEMIFINALE: Davik Oppvekst (Bremanger) mot Halbrend skule (Førde): 10-8

Stryn ungdomsskule – Farnes Skule (6–9)

Under den andre delfinalen kjempa Stryn og Farnes om plass i finalen.

Farnes var ikkje redd for å måtte forsvare ære frå i fjor, der Farnes også var med i finalen. Dei har førebudd seg med å spele quiz og læraren har testa dei. Det viste seg å løne seg i semifinalen.

Laget frå Stryn hadde med seg ein lukkebringar, ein gul tennisball i eit glas. Men dei satsa ikkje berre på det, men også på at dei hadde kunnskapen som kunne hjelpe dei å vinne Men dei tapte mot Farnes med tre poeng:

–Vi er heimekjære, så vi er glad for vi slepp turen til Oslo, sa ein av deltakarane frå Stryn-laget med eit smil.

Farnes skule: Olav Angel Nundal, Scott Stewart Søvik og Endre Vigdal Øren.
Stryn ungdomsskule: Vegard Aaland, Bjørnar Bøe og Miriam Flo.

FRISK 0 – 2
1. Kva heiter gruppa bak melodien «Valiumsvalsen»?
SVAR: John Olav Nilsen og Gjengen (Stryn 0 – 0 Farnes)

2. Ein morgonfrisk P3-programleiar fekk kulturdepartementet sin nynorskpris i 2009. Kven var det?
SVAR: Ronny Brede Aase / Aase (Stryn 0 – 0 Farnes)

3. Kva parti høyrer helseminister Bent Høie til?
SVAR: Høgre (Stryn 0 – 1 Farnes)

4. Kor mange utøvarar frå Sogn og Fjordane deltok i OL i Sotsji?
SVAR: Fire (Stryn 0 – 1 Farnes)

MAT 3 – 3
1. Kva bruker musebestemora som gyngestol i julesongen Musevisa?
SVAR: (Ei stor) potet (Stryn 1 – 1 Farnes)

2. Kaptein Sorte Bill røvar ifølgje songen til skuta er stappande full av pengar, gull og to andre ting. Kva?
SVAR: Saltmat og søtmat (Stryn 1 – 0 Farnes)

3. Kva er den viktigaste ingrediensen i bacalao?
SVAR: Klippfisk / fisk / torsk (Stryn 1 – 1 Farnes)

4. Kva heiter den mørkhåra, sjokoladeglade bestevenninna til teikneseriefiguren Cyan?
SVAR: Nemi (Stryn 0 – 1 Farnes)

BY OG LAND 3 – 4
1. Kva by blir kalla Nordens Paris?
SVAR: Tromsø (Stryn 1 – 1 Farnes)

2. Kva er fylkeshovudstaden i Sogn og Fjordane?
SVAR Leikanger/Hermansverk (Stryn 0 – 1 Farnes)

3. Kva for eit land i Sør-Amerika er kalla opp etter ekvatorlinja?
SVAR: Ecuador (Stryn 1 – 1 Farnes)

4. Kva heiter visesongaren som skreiv «Mitt lille land»?
SVAR: Ole Paus (Stryn 1 – 1 Farnes)

Farnes skule (Årdal) mot Stryn ungdomsskule : 9-6

ANDRE SEMIFINALE: Farnes skule (Årdal) mot Stryn ungdomsskule: 9-6