Hopp til innhold

Bremanger vann igjen mot Danske Bank

Bremanger kommune kan få betalt tilbake mellom 105 og 110 millionar kroner etter å vunne i andre runde i rettssalen.

Rådmann i Bremanger, Tom Joensen

VANN I RETTEN: Rådmann Tom Joensen i Bremanger vågar ikkje å juble over sigeren mot den Danske Bank.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dersom dommen blir ståande, betyr det at Bremanger vil få tilbake ein stad mellom 105 til 110 millionar kroner, noko som dekker det akkumulerte underskotet kommunen har, skriv Fjordenes Tidende.

Joensen seier denne dommen vil betyr mykje for saka dei har mot DNB, og som skal opp for retten til hausten.

– Viktig siger

– Slik eg tolkar det, er denne dommen med på å underbyggje det som er påstanden i den andre saka. Det er viktige argument i forhold til saka mot DNB, som startar i september, seier han til NRK.

Saka mot Danske Bank handlar om derivatavtalar som blei inngått mellom kommunen og Fokus Bank (no Danske Bank) i 2006 og 2007.

Totalt blei det bokførte tapet 121,5 millionar kroner ved utgangen av 2014. Saka har vore oppe i Oslo tingrett der Bremanger kommune vann fram med sitt syn, men saka vart anka av Den Danske Bank.

Vågar ikkje juble

Men sjølv om Borgarting lagmannsrett dømde i favør Bremanger kommune i saka mot Danske Bank, tør ikkje rådmannen heise flagget før dei har fått ein rettskraftig dom.

– Danske Bank har framleis moglegheit til å anke saka. Erfaringa mi er at ting tek tid og vi har ikkje endeleg dom enno. Difor er vi litt forsiktige med å feire. Men vi er sjølvsagt nøgde med at vi har vunne fram på alle punkt og at lagmannsretten har kome fram til det same som tingretten, seier Joensen.