Hopp til innhold

Bremanger ser framover, men er usamde om veg og ferjer

BREMANGER (NRK): Etter fleire år der Terra-skandalen har prega kommunebudsjetta i Bremanger, kan ein no sjå framover. Og med frigjorde millionar, håpar politikarane at kommunen får vind i segla.

Forsidebilete Bremanger

SOLO: Marius Strømmen (Sp) meiner Bremanger klarar seg fint åleine.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vallogo

– Rugsund handelsstad og Nordfjord er jo noko av det flottaste du kan få.

Sp sin 30 år gamle ordførarkandidat Marius Strømmen ser fram til det han håpar skal bli meir tid i nydelege Rugsund i Bremanger.

Strømmen jobbar som overstyrmannen på Hurtigruta, men trass det er nokre år sida han var ungdomspolitikar ynskjer han å bli ordførar i ei kommune som på mange måtar er eit Sogn og Fjordane i miniatyr.

– Vi har fjord, fjell og bre, kva meir kan vi be om?, seier Strømmen.

Nok av naturressursar – men lite folk

Fisk, oppdrett, mineralnæring, smelteverk, landbruk og kraftproduksjon. Bremanger har nesten alt, her er også ei kommunekasse som vanlegvis bognar over samanlikna med nabokommunane.

Men frå brenning til bre har dei unge likevel reist frå kommunen. Då Marius Strømmen vart fødd budde det 4879 personar i Bremanger, no er talet 3890, ein nedgang på nær 1000 innbyggarar på 30 år. Dette er og blir kommunen si store utfordring.

– Der er eit lite minusteikn framfør folketalsutviklinga, det må vi snu. Vi må ut og gjere oss rå, hente folk med kompetanse som kan skape sin eigen arbeidsplass, meiner Strømmen.

Terra-spøkelset er snart vekke

Kommunevalet i Bremanger vil ende opp med ein ny ordførar, Karl Vidar Førde frå Sp gir seg. Ein av dei mest rutinerte ordførarkandidatane er Audun Åge Røys frå Høgre.

Dei siste periodane har vore prega av opprydding etter Terra-saka, men i komande periode kjem kommunen truleg ut av tvangstrøya. Det gler høgrepolitikaren.

– Eg ser store moglegheiter då, vi får ein veldig mykje sterkare økonomi.

Audun Åge Røys

RØYND: Audun Åge Røys (H) har lang fartstid i politikken.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Bremanger har kutta vel 20 millionar i året som følgje av Terra, men trass kutta, eigedomsskattesatsen er 0, og alle skular er bevarte, og dei fleste er blitt rusta opp. I sentrum ruvar det nye omsorgssenteret.

– Eg vil påstå av vi har klart oss veldig godt i denne perioden. Det ser ut som nabokommunane faktisk har slite meir enn oss, seier Røys.

Frå «sofapolitikar» til ordførarkandidat for Ap

Men politikken i Bremanger gir også rom for nye fjes. Ap er alltid å rekne med, særleg rundt industribygda Svelgen.

Espen Sortevik jobbar på verket og har såleis bakgrunnen i orden, men kommunestyret blir ein ny arena. Sortevik er gift med den rutinerte Ap-politikarane Aud Marit Sortevik, no er tida som «sofapolitikar» over for den politisk ukjende ordførarkandidaten.

– Ja, det vil jo bli veldig spennande, og eit stort steg. Eg har prøvd å styre kommunen frå sofakroken når kona mi har vore i kommunestyret, og det har ikkje lukkast. No får eg prøve å trå til sjølv, smiler Sortevik.

Espen Sortevik

NY ARENA: Espen Sortevik (Ap) er klar for å prøve seg i kommunestyret.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Når eg sa ja så gjekk det litt fort oppover lista, men ok, vi får ta utfordringa, seier 55-åringen.

Stridast om veg

Kystvegen er kommunen si viktigaste samferdslesak, og politikarane er splitta både geografisk og partipolitisk. Høgre sin Audun Åge Røys frå Kalvåg er mest oppteken av brua frå Bremanger mot Måløy, og vil sette den prioriterte opprustinga mellom Svelgen og Indrehus på vent.

– Ja, det meiner eg absolutt. Bru over Nordfjord fyrst, så Magnhildskaret, og deretter Svelgen-Indrehus. Ved å sette på meir trafikk ved brubygging, vil behovet melde seg endå sterkare for meir veg, meiner Røys.

Sp vil diskutere brua

Svelgen-Indrehus er sett på andreplass på fylkestinget si liste over vegprosjekt etter Olden-Innvik.

Marius Strømmen frå Sp er sterkt usamd med Høgre, men er på si side open for å drøfte kor brua skal byggast:

– Eg meiner det er feil å tukle med prioriteringane, slik at vi risikerer å kome lenger bak i køen. Vi får ta Svelgen-Indrehus fyrst, så får vi ta diskusjonen om Magnhildskaret og om tunnelen der skal svinge mot Florø eller Førde.

Sp vil også ta ein diskusjon om kor brua over Nordfjord skal ligge, anten mellom Vemmelsvik og Tongane i ytre, eller lenger inne ved Otteren mot Bryggja, som er ei meir direkte framføring nordover.

Ap vil ha det stikk motsett frå Høgre

Ap sin kandidat frå Svelgen er stikk motsett, og vil ha vegen ferdig til Florø før ein bygger nordover.

– Gjerne ei låglandsline rett mot Florø, seier Sortevik.

I tillegg kranglar politikarane om framtida til ferjesambandet Stårheim-Isane, om brua på kysten kjem.

Tanken er at brua i Ytre Nordfjord som direkte erstattar ferja Måløy-Oldeide, også treng ferjeavløysingsmidlar frå Stårheim-Isane, slik at den også må leggast ned.

På nordsida av Bremanger har innbyggarar truga med å gå over til Eid om kommunestyret går vidare med planane, som for dei vil bety store omvegar nordover.

Usamde om ferjesamband

Ap meiner det likevel går mot nedlegging.

– Skal du få brua, må du nok bruke midlane frå begge sambanda, meiner Sortevik.

Høgre sin Audun Åge Røys er relativt usamd, men kan ikkje love noko.

– Stårheim-Isane er veldig viktig for indre delar av kommunen, Bremanger Høgre vil ikkje utan vidare gå med på å fjerne den, men vi ser utfordringa med finansiering. Får vi løfta opp brua som riksveg, meiner vi dette kan løyse seg.

Senterpartiet sin Marius Strømmen seier det ikkje kjem på tale å legge ned ferja.

– Ferja Stårheim-Isane skal bestå. Den har ei betydning for folk i indre delar av kommunen. Vi kan ikkje kappe av deira navlestreng til deira arbeidsmarknad per i dag, det går ikkje.

Bremanger skal snu trenden åleine

Framover skal Bremanger få fart på folketalsutviklinga, gjerne med hjelp av friske kraftmillionar.

Målet for politikarane no er å bruke pengane slik at kommunen skal skinne. Meir lærarar, sikre legedekninga, få asfalt på kommunevegane. Kanskje vil folketalet også snu, og ein ting er dei tre partia samde om. Bremanger skal stå åleine etter kommunereforma.

– Vi skal stå åleine, vi har god økonomi, seier Marius Strømmen (Sp)

– Vi går for å vere åleine, seier Espen Sortevik (Ap)

– Vi er på linje med dei fleste innbyggarane der, vi ligg her som ein omflødd holme, og ser at vi er best rusta til å løyse våre utfordringar sjølv, seier Audun Åge Røys (H).