Hopp til innhold

Bremanger Rockweekend: – Vi har funne «vår greie»

Allereie før kveldens konsert med Kari Bremnes har festivalen slått besøkstalet frå i fjor.

Grotlafjorden i Bremanger

ROCK I BREMANGER: Bremanger Rockweekend har blitt arrangert sidan 80-talet.

Foto: Ove Kristian Leirgulen / Romvesen

– Vi trur at det totalt blir betre besøkstal i år fordi vi har meir kapasitet. I tillegg hadde vi bra med besøk på familiearrangementet i går, seier arrangør Hilde Hauge.

Både fredagen og laurdagen var utseld, og det deltok mellom to- og trehundre på familieaktivitetane i går. I kveld spelar Kari Bremnes i Bremangerhallen, og om salen blir full, trur arrangøren at dei vil runde tusen besøkande.

Ralph Myerz And The Jack Herren Band

2011: Ralph Myerz And The Jack Herren Band på Bremanger Rockweekend i 2011.

Foto: MMSfoto: Ronny Brede Aase / NRK

Den fyrste Bremanger Rockweekend blei arrangert i 1980, og med unnatak av åra 2008–2014 har festivalen vore ei årleg hending.

Måtte «ta det ned» for ikkje å gå i minus

Det har ikkje alltid vore lett å arrangere rockefestival med konkurrentar som Malakoff og Utkant-festivalen.

– For to år sidan hadde vi kraftig underskot, seier Hauge.

Bremangerhallen på Hauge

BREMANGERHALLEN: Her skal Kari Bremnes spele i kveld.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Arrangørane er frivillige, og festivalen har ikkje mange pengar å drive for.

– På den tida prøvde vi å ha eit større arrangement, med telt. Då trong vi fleire besøkande for at det skulle gå rundt, og det var vanskeleg å få til.

Satsar på kvalitet

Dei bestemte seg for å flytte festivalen inn.

– Det blir ei anna atmosfære, og det avgrensar kor mange som kan komme inn. Men det har fått oss i balanse, vi har funne «vår greie», seier Hauge.

Sol Heilo på Bremanger Rockweekend

TREKKPLASTER: Arrangør Hilde Hauge seier at Sol Heilo er ein av dei artistane folk kjem langvegsfrå for å sjå. Dette biletet er tatt på konserten ho hadde i Bremanger på fredag.

Foto: PRIVAT

Med mindre publikumskapasitet må dei også tenke mindre skala i artistar som blir booka.

– Vi som jobbar her har god peiling på musikk etter kvart, og sjølv om vi kanskje ikkje kan invitere dei mest kjende namna, vil vi invitere gode musikarar. Publikum skal kunne stole på den musikalske kvaliteten, seier Hauge.