Eit nytt, stort oppsamlingsbasseng skal samle inn slam-vatnet som før har gått rett i fjorden, fortel Rune Moe i administrasjonen i selskapet.
Slakt frå Fylkesmannen
Det var ein knusande rapport frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling som sette fart på utbetringsarbeidet.
Etter ei rekkje klager frå naboane, aksjonerte styremaktene i slutten av september. Den umelde kontrollen avslærte alvorlege brot på forureiningslova. - Rydd opp, eller så vert drifta stoppa, varsla fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.
I tillegg til forbetringar på anlegget, må selskapet få orden på helse, miljø og tryggleik.
Snarleg avgjerd
Det er den hollandske Bontrup-familien som eig Bremanger Quarry. Den verdfulle sandsteinen i fjellet vest for Svelgen vert seld til asfalt-produksjon på kontinentet. Her er nok stein til 50 års produksjon, men først må dei åtte tilsette få orden på drifta.
Etter eit nytt besøk på anleggsområdet ein av dei nærmaste dagane, vil Fylkesmannen avgjere om dette er godt nok, eller om han skal krevje fleire forbetringar.