NRK Meny
Normal

Visit Norway hyllar fotoprosjekt frå Bremanger

Fotoprosjektet har spreidd seg langt utover landegrensene, og turistnæringa ser stort potensial. Mannen bak nettsida seier at det berre er eit fritidsprosjekt for å vise fram heimplassen.

Grotlafjorden i Bremanger

360 GRADER: På Bremanger360.no kan du navigere gjennom kommunen og sjå landskapet i høg oppløysing rundt deg. Her frå Grotlefjorden i Bremanger.

Foto: Ove Kristian Leirgulen / Romvesen

– For det meste brukar vi beina, går på fjellet, tar med oss drone og 20–25 kilo med batteri og kamerautstyr. Så det er jo ein jobb, seier Ove Kristian Leirgulen.

Den jobben har han og kollegaene i Romvesen AS lagt ned mange gonger. I alle fall 116 gonger, for det er så mange 360-graders bilete ein kan navigere mellom på Bremanger360.no.

Under ein månad etter publisering, har nesten 10.000 klikka seg inn på sida. Av desse kjem ein tredjedel frå utlandet.

Per Ove og Ove Kristian flyg drone

DRONE I LUFTA: Per Ove Lexau og Ove Kristian Leirgulen flyg fotodrone i Bremanger.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Tidkrevjande arbeid

– Ideen hadde vi for to år sida, men då budde eg i Ålesund så eg tenkte det ikkje ville bli realisert før eg kom heim. No har vi hatt veldig mange oppdrag her i kommunen. Til slutt hadde eg tusenvis av bilete, og dette måtte jo brukast, seier Leirgulen.

Produktet er samansett av tusenvis av bilete, så det er ein veldig omfattande jobb.

Ove Kristian Leirgulen

Den interaktive nettsida inneheld bilete frå 116 plassar i Bremanger, og alle årstidene er representerte.

Ifølge Leirgulen er planen å utvide med fleire plassar. Han har mellom anna fått beskjed frå lokalbefolkninga om at enkelte ikkje finn sitt eige hus, og gjerne skulle hatt det med.

Myklebustsætra om vinteren

ALLE ÅRSTIDENE: I Bremanger360 finn du både sommar, vinter, haust og vår.

Foto: Ove Kristian Leirgulen / Romvesen

Turistnæringa applauderer

– At lokalpatriotar lagar slike storslåtte presentasjonar seier mykje om kor stolte dei er av staden sin, og det er fantastisk at dei ønsker å dele dette, seier Anne Line Kaxrud i Visit Norway.

Anne Line Kaxrud, Visit Norway

POSITIV: Anne Line Kaxrud i Visit Norway er positiv til at lokalbefolkning viser fram heimplassen sin.

Foto: Astrid Waller / Innovasjon Norge

Sjølv om prosjektet ikkje blei laga for å selje inn Bremanger som reisedestinasjon, er det kanskje det som blir resultatet – nettopp fordi det ikkje var hensikta.

– Folk stoler mest på andre folk, fordi hensikta med innhaldet er utan kommersielle baktankar. Vi ser dette som god hjelp til den offisielle marknadsføringa av Norge, seier Kaxrud.

Laster Twitter-innhold

Kommunen ser også verdien

– Når vi ser talet på treff som nettsida har, så er jo det ganske imponerande. Det i seg sjølv vil nok ha ein verdi fordi det skapar interesse for området, men eg trur ting må bli sett i system, seier Rådmann i Bremanger, Tom Joensen.

Tom Joensen på kontoret

STORT POTENSIAL: Rådmann, Tom Joensen, har tru på meir turisme i Bremanger.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Han trur det likevel ikkje er nok at kommunen ser bra ut på bilete. Rådmannen meiner at Bremanger har eit stort potensial for turisme, men at det er meir som må på plass for å utnytte det.

– Vi har akkurat starta ei moglegheitsstudie om utviklinga til reiselivsnæringa i Bremanger. Eg tenker jo at dette er ein måte å vise fram kommunen på, men vi må også kunne tilby meir enn vakker natur, seier Joensen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser