NRK Meny
Normal

«Av skade blir ein klok – men ikkje rik»

VIK (NRK): Orda til Ola Engum (Sp) slo an ein tenksam tone då Vik og Bremanger kommunestyre godtok ein forliksavtale med DNB, som betyr at eit åtte år langt gjeldsmareritt er over.

Ola Engum

LETNAD: Ola Engum (Sp, t.h.) og dei andre kommunepolitikarane i Vik og Bremanger har ikkje lenger Terra-gjelda hengjande over seg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eit stort kapittel i historia om Terra-saka i Vik og Bremanger fekk si avslutting i dag, då dei to kommunestyra sa ja til forliksavtalen med Den norske bank (DNB).

Sjølv om forlik betyr at kommunane «berre» treng å betala inn halvparten av gjelda si, er det like fullt snakk om svimlande summar: Vik må betala 96 millionar kroner, og Bremanger 172 millionar.

– Det er mykje pengar. Kommunestyret var prega av alvoret. Då eg gav ordet fritt, var det heilt tyst i forsamlinga. Politikarane måtte fordøya det heile, fortel ordførar Karl Vidar Førde (Sp) i Bremanger, som då det historiske vedtaket var fatta, klubba uvanleg sterkt for å markera slutten på dett åtte år lange gjeldsmarerittet.

Karl Vidar Førde

HISTORISK: – No kan ikkje Bremanger lenger kan kallast Terra-kommune, så me må finna eit nytt namn på kommunen vår, seier Bremanger-ordførar Karl Vidar Førde (Sp) med eit smil.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

Vik-tap 136 millionar

I 2007 blei det kjent at Bremanger, Vik og fleire andre kraftkommunar hadde lånt pengar av DNB – med garanti i framtidige kraftinntekter – for å investera i verdipapir, gjennom Terra Securities, med skyhøg risiko. Kommunane håpa på forteneste, men tapa blei gedigne. Vik åleine har tapt minst 136 millionar kroner.

– Me seier gjerne at av skade blir ein klok, men ikkje rik. Og det er sanning i det, sa Ola Engum (Sp) under kommunestyremøtet i Vik.

DNB sitt opphavlege krav var på 1,3 milliardar kroner. Dei sju Terra-kommunane som har lån i DNB, må betala 650 millionar kroner. I Vik har dei sett av pengar på bok, slik at dei har 25 millionar til overs når DNB-gjelda og oppsamla underskot er betalt.

– Kutt eigedomsskatten

Allereie før forliksvedtaket var fatta, tok fleire politikarar i Vik til orde for å redusera eigedomsskatten, som kommunen har skrudd opp til det maksimale.

– Me må vera fast i klypa med økonomistyringa, men samstundes skal innbyggjarane våre premierast for den rause haldninga dei har synt i ein vanskeleg situasjon, sa Morten Holmberg (V).

– Det er viktig at det nye kommunestyret gir signal om at eigedomsskatten skal reduserast, sa Werner Madsgård (Ap).

Men Vik kommune har eit stor etterslep på vedlikehald og investeringar. Ifølgje rådmann Oddbjørn Ese kan det vera snakk om fleire titals millionar kroner.

Stig Roar Hovland

ÅTVARA: Stig Roar Hovland (Ap) mana til streng styring av økonomien i Vik sjølv om kommunen er kvitt Terra-gjelda.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Stig Roar Hovland (Ap) fann det difor naudsynt å ta til orde mot Holmberg og partifellen Madsgård, og mot eit forlag frå Ola Engum om at gruppeleiarane skulle møtast for å drøfta korleis fondet på 25 millionar kroner skulle brukast:

– Me må halda fram den gode jobben som er gjort med økonomistyringa, slik at me ikkje øydslar ut pengar.

Letnad

For at forliket skal gjelda, må alle involverte seia ja til avtalen. Det skjer ikkje før i neste veke når avtalen skal opp i det siste kommunestyret, Kvinesdal.

– Eg er letta over at me kan setja ein strek over Terra-saka. Det har vore harde år, men no handlar det om å sjå framover, seier Bremanger-ordførar Førde.

Lettelsen er stor i Vik, Bremanger og dei andre såkalla Terra-kommunane i dag, etter at dei har inngått forlik med DnB.

SJÅ TV-SAKA: Så letta var dei i Vik då gladmeldinga kom 5.juni.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen