NRK Meny
Normal

Bremanger med 247 millionar i minus

Bremanger kommune har ved utgangen av året opparbeidd eit underskot på 247 millionar kroner.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.

- Aldri meir slike transaksjonar, seier ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Kommunen er som følgje av Terra-skandalen inne i si verste økonomiske krise nokon gong. Det opparbeidde underskotet er no oppe i formidable 247 millionar kroner - eller 58.800 kroner i minus per innbyggjar.

22 millionar i ti år

For å kome ut av krisa må kommunen redusere driftsutgiftene med 22 millionar kroner i heile ti år framover. I tillegg til å redusere arbeidsstokken med 20 tilsette, er det planlagt ei større omorganisering inann pleie- og omsorg.

- Vi meiner å ha ein del å hente ved å vri tjenestene i større grad mot opa omsorg. Vi må bygge fleire omsorgsbustadar der vi kan tilby meir tilpassa og rimelegare opplegg for brukarane enn i dag. Større driftseiningar vil gje oss større effektivitet og mindre kostnadar per brukar, seier rådmann Tom Joensen.

Kutt overalt

Det er ikkje slutt med det. Også skule og barnehage skal igjennom ei ekstern vurdering for å finne innsparingstiltak. Kommunen må kutte over heile fjøla. Kutta vil svi for innbyggjarane.

- Det vil nok heilt klart merkast. Innbyggjarane skal frameis ha eit forsvarleg tilbod etter lova. Det blir ei utfordring å klare at det blir realiteten. Det blir nok ein del reduksjonar, men tal frå fylkesmannen viser at vi ligg høgt på ein del område det er naturleg å redusere på , seier ordførar Kåre Olav Svarstad.

- Aldri meir

Svarstad vedgår at eit tøft år i Terra-skandalens namn, har gjeve lærdom.

- Det er å ikkje vere borti slike transaksjonar i det heile. Det er ein dyr lærdom, seier han og forvissar om at liknande ikkje vil skje igjen.

- Der har vi tetta att alle hol. Ikkje har vi midlar til å bruke på slike føremål heller, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser