NRK Meny
Normal

Bremanger klarer ikkje å kutte nok

Bremanger kommune har laga ei kuttliste på 20 millionar årleg etter Terra-saka, men dette er langt frå nok.

Svelgen

Bremanger kommune må kutte mange millionar.

Foto: Nils Ola Strand

Skal kommunen greie kravet frå Fylkesmannen om å dekke inn tapet på 45 millionar, må kommunen kutte det doble.

Ordførar Kåre Olav Svarstad vedgår at dette er umogleg å klare.

- For meg ser det vanskeleg ut, for vi må framleis oppretthalde eit lovleg og forsvarleg tenestetilbod i Bremanger kommune.

Sjå kuttforslaga her:

45 millionar i året

Bremange kommune har tapt 181 millionar kroner, og har fått krav om at tapet skal dekkast inn etter fire år. Dette betyr kutt på 45 millionar i året. Men politikarar i kommunen med eit totalbudsjett på 170 millionar, seier at dette går ikkje.

Kutt i mange sektorar

I dag offentleggjorde kommunen lista som viser kutt på 10 millionar i år, og 20 millionar dei neste åra. Altså berre halvparten av kravet. Men dette er det vi greier, seier politikarveteran Einar Kjerpeseth som ber om meir tid.

- Vi klarar ikkje komme i land. No har vi kutta ned på det vi meiner vi kan gjere for resten av 2008.

Lista inneheld kutt innan skule, barnehage, legekontor og symjebasseng, mellom anna. I tillegg vil politikarane gå gjennom skulestruktur seinare i år.

Les: Må kutta 10 millionar

- Verre neste år

Men høgrepolitikar Jorun Frøyen vil ikkje seie kor ho tykkjer det er verst å kutte, og trur det vil merkast meir neste år for innbyggjarane.

- I Bremanger kommune har vi hatt ganske god råd og vi har brukt mykje pengar, så eg trur ikkje innbyggarane vil merke så mykje til kutta for resten av året. Men for 2009 kan situasjonen bli annleis.

Kor vidt Fylkesmannen vil godkjenne budsjettet for 2008 veit ikkje Svarstad no.

- Vi legg fram det vi meiner vi klarar, og så får vi vente på svar frå Fylkesmannen og sentrale myndigheiter.

Vegopning på Bergum i Førde kommune