Hopp til innhold

Bremanger er kalla inn om Kinn kommune

Ordførar, varaordførar og rådmann i Bremanger er kalla inn av Fylkesmannen for møte om Kinn kommune. – Aldri eit godt teikn, seier ordføraren.

Audun Åge Røys

SKEPTISK: Ordførar Audun Åge Røys (H) i Bremanger.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Spenninga er stor knytt til fylkesmann Anne Karin Hamre si tilråding om Kinn kommune som blir gjort kjent i dag. Det er klart at også Bremanger kommune er kalla inn for å bli orientert av Fylkesmannen, men det er ukjent kvifor. Ordførar Audun Åge Røys fryktar at det blir tilrådd tvang mot Bremanger for å få nye Kinn kommune til å henge saman.

– Vi er veldig spente, men eg håpar dei respekterer vårt syn. Vi har sagt at vi ynskjer å stå åleine. Men det er aldri eit godt teikn å bli invitert til eit slikt møte så tett opp til Fylkesmannen si innstilling.

Ventar seg positiv tilråding

Spenninga er også stor i Flora og Vågsøy. Ap-ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy håpar på ja til å slå saman Flora og Vågsøy.

– Vi skal ha eit telefonmøte med Fylkesmannen på morgonen. Dette blir spennande, så eg håper verkeleg at Fylkesmannen seier ja til noko som to kommunestyre har vedtatt, seier Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Ordførar i Flora, Ola Teigen (Ap), trur ikkje det blir tommel ned.

– Eg trur dette vil vere ei positiv tilråding. Det er mi klare forventning at Hamre vil sei ja, seier han.

Ola Teigen og Kristin Maurstad framfor ordførarveggen i Vågsøy.

TRUR PÅ POSITIV INNSTILLING: Både Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) trur Fylkesmannen vil vere positiv til Kinn kommune.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Vågsøy kommunestyre og Flora bystyre har sagt ja til å slå seg saman. Midt i mellom ligg Bremanger som er like stor som dei to andre kommunane til saman, og som ikkje vil inn i ein storkommune.

Kinn kommune kan difor bli den første kommunen i landet med delt kommunesenter og ei sjølvstendig kommune midt imellom.

– Vi har sagt at vi ikkje ynskjer tvang mot Bremanger. Det er ikkje ei god løysing, men samtidig har vi sagt at vi vil ha med Bremanger på sikt, seier Maurstad.

Nye Kinn kommune

Det var høgdramatisk då Vågsøy sa ja til å bli ein del av Kinn. Ei veke før hadde kommunestyret bestemt seg for å utsette saka.

Vågsøy Høgre varsla framlegg om å utsetje avgjerda til nyttår. Årsaka var at intensjonsavtalen ikkje var god nok. Det gjorde at Flora kom Vågsøy i møte med blant anna delt kommunesenter.

Innbyggjarane i dei to kommunane er heller delt. Ei innbyggjarundersøking synte at i Flora er to av tre for samanslåing, medan dei er meir lunkne i Vågsøy. Der er over halvparten mot.

Departementet tek stilling til fylkesmannen si tilråding i deira kommuneproposisjon som kjem i vår, før vert det gjort eit endeleg vedtak i Stortinget i juni i år.