NRK Meny
Normal

Fekk 10 år til å betala Terra-gjeld – vil ha 3 år til

– Det er heilt urealistisk å dekka inn Terra-tapa innan 2018, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Har viska vekk Terra-underskot

EKSTRAORDINÆRT: Rådmann Tom Joensen meiner Terra-saka er så spesiell at Bremanger bør få 13 år til å dekka inn underskotet sitt. Kommunelova seier at 10 år er det maksimale.

Foto: Montasje: Oddleif Løset/Scanpi / NRK

Terra-gjelda skal betalast ned innan 2018, men no søkjer Bremanger om å få ytterlegare tre år.

Grunnen er det som går under namnet «Terra 2», nemleg at Bremanger – som den einaste Terra-kommunen – tapte store summar på såkalla derivatavtalar med Danske bank: I løpet av dei fire siste åra er tapa på 80 millionar kroner, og kjem på toppen av det allereie svimlande Terra-tapet på 234 millionar kroner.

– Dette var ikkje rekna med då Bremanger i 2008 fekk ti år på å dekkja inn Terra-underskotet, seier rådmann Tom Joensen i Bremanger.

Gjeldsmareritt

I 2007 blei det kjent at Bremanger, Vik og seks andre kraftkommunar lånte pengar med sikkerheit i framtidige kraftinntekter og investerte i obligasjonar gjennom meklarfirmaet Terra Securities. Det enda med eit gjeldsmareritt som Bremanger framleis er i.

Neste år har kommunen budsjettert med å dekkja inn tap på 21 millionar kroner og 14 millionar kroner i åra som følgjer.

– Skal me auka dette til nesten det doble, vil dette gå ut over kommunale lovpålagde tenester, spesielt innanfor omsorgssektoren, seier Joensen.

I strid med lova

Kommunelova seier at ein kommune må dekka inn eit underskot i løpet av to år. Fylkesmannen kan ved særskilde høve velsigna ytterlegare to år.

Då Terra-saka kom i 2007, blei lova endra: I heilt spesielle saker – med store såkalla samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar – kan Kommunaldepartementet seia ja til ei lenger nedbetalingstid, men maksimalt ti år, altså ei så lang nedbetalingstid som Bremanger i utgangspunktet har fått.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fekk søknaden frå Bremanger rett før jul og har ikkje fått handsama den, men seniorrådgivar Kåre Træen er i utgangspunktet skeptisk:

– Me må følgja Kommunelova og kan per i dag ikkje tilrå noko utover ti år.

Departementet avgjer

Fylkesmannen skal ha dialog med Kommunaldepartementet, og tilrådinga er venta i løpet av januar, men det er departementet som avgjer om Bremanger skal få totalt 13 år på å betala ned Terra-gjelda si.

Joensen meiner Bremanger må få ei nedbetalingstid utover lova. Grunnen er at Terra-saka er «ekstraordinær».

– Me har truleg ikkje hatt ein slik situasjon i Norge nokosinne, der ein kommune har tapt så mykje pengar i forhold til storleiken på kommunen, seier Joensen.

Rettssaker på nyåret

Uansett utfall i Kommunaldepartementet kan to skilsetjande rettssaker i 2016 gjera nedbetalingsproblemstillinga irrelevant.

I januar kjem ankesaka mot Terra sitt forsikringsselskap ACE opp for lagmannsretten. Ein eventuell forliksavtale vil bety minimum 15 millionar kroner til Bremanger.

Månaden etter står endå større pengebeløp på spel når rettssaka mot Danske bank kjem opp for Høgsterett. Dersom dommen frå lagmannsretten blir ståande, vil Bremanger få tilbake mellom 110 og 120 millionar kroner.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå