Hopp til innhold

Breimslukta snart historie

Lukta av møk er eit tydeleg vårteikn. Og breimslukta har blitt eit begrep.
Men no har redninga kome. Eit nytt moderne utstyr kan nesten fjerne dritlukta frå bygdene.

Video nsps_upload_2009_4_27_18_6_49_4052.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tradisjonelt står møkaspruten i været når ein gyller. Den strame lukta spreier seg raskt i Breimsbygda. Sjølv folk som er vakse opp på gard, klagar over lukta.

- Eg får så ilt i hovudet av det. Det er heilt forferdeleg, seier Berit Sørland.

Skyt møka ned i jorda

Men snart kan dette vere historie. For eit nytt produkt skyt møka ned i jorda. Det gjer både mindre lukt og betre utnytting av gjødsla. For det er lite som vert liggjande på bakken og renn vekk. Opp mot 80 prosent av gjødsla kjem der den skal, nemleg ned til planterøtene.

Spleiselag

Fleire breimsbønder har gått saman og spleisa på denne maskina til 450.000 kroner.

Svenn Ove Bjørkelo

Bonde Svenn Ove Bjørkelo

Foto: Arne Stubhaug / NRK

- Kunstgjødselprisane er jo kjempehøge no, seier bonde Svenn Ove Bjørkelo.

-Så det at vi kan utnytte husdyrgjødsla på ein betre kan vi tene på på sikt.

Og bøndene er glade for at også befolkninga i Breimsbygda kan nyte godt av investeringa.

- Breimslukta har jo vore eit begrep. Det begrepet trur eg kjem til å forsvinne viss det her utstyret blir utbreidd, slik eg trur det blir.