Hopp til innhold

Breheimsenteret totalskadd i brann

Breheimsenteret i Jostedalen i Luster brann natt til fredag ned til grunnen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Bygget har brent heilt ned. Det gjekk utruleg fort. Senteret består stort sett av treverk, så brannen har hatt gode tilhøve, seier eit augevitne som er på staden til NRK.no.

Då dagleg leiar ved Breheimsenteret, Peder Kjærvik, kom fram til bygget var det heilt overtent.

– Det var berre eit stort flammehav som møtte meg. Alt mellom dei berande konstruksjonane var brunne vekk. Berre skjelettet stod att, men no ramla det ned og, fortel Kjærvik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Breheimsenteret totalskadd i brann

SJÅ VIDEO: Breheimsenteret var overtent på kort tid. Foto: Dagfinn Kreken.

Slo full alarm

Brann på Breheimsenteret

TOTALSKADD: Det er ikkje mogleg å redde senteret, og brannmannskap konsentrerer seg om å hindre spreiing.

Foto: Eirik Grov

Politiet fekk melding om brannen klokka 22:19.

Vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Jan Gunnar Holvik, seier det då vart slått full alarm. To brannbilar frå Luster, ein kommandobil og ein tankbil frå Sogndal vart sende til brannstaden.

– Bygget var overtent, så i kveld jobbar vi med å hindre spreiing, seier Holvik.

Politi og brannmannskap var på plass like før klokka 23.

Held vakt i natt

I 00:30-tida opplyser vaktoperatør Frode Eide at brannmannskap har god kontroll og at det er lite gnistar.

– Men bygget har rasa saman og det er ein god del glør igjen. Fem mann blir i området til klokka åtte for å ha kontroll på varmen, seier han.

Det var ikkje fare for at brannen skulle spreie seg til andre bygningar, men det er skog like ved.

– Vi var heldige vermessig at det var vindstille og fuktig i terrenget. Brannmannskapet fekk kjapt kontroll då dei kom til staden. Dei henta vatn frå elva og hadde også hjelp av tankbilen.

I følgje operasjonsleiaren hos politiet skal det ikkje ha vore folk til stades i bygget då det byrja å brenne. Senteret stengde for dagen klokka 19. Det arbeider 10-12 personar ved Breheimsenteret i Jostedalen.

Det er førebels uvisst kvifor det byrja å brenne i senteret.

Populært nasjonalparksenter

Breheimsenteret i Jostedalen

SPESIELL ARKITEKTUR: Senteret ligg like ved Nigardsbreen.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Breheimsenteret blei opna i 1993 og fekk status som nasjonalparksenter for Jostedalsbreen nasjonalpark i 1997. Senteret har i mange år vore eit populært utgangspunkt for turar på Nigardsbreen.

I senteret var det mellom anna museum og kafe. Senteret ligg lengst oppe i Jostedalen med utsikt mot breen.

Breheimsenteret hadde ein spesiell arkitektur, forma som to istårn med ein bresprekk mellom.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.