Hopp til innhold

Brede er topptrenar i England: – Norsk kvinnefotball treng meir pengar

Til dagleg jobbar 27-åringen frå Sogn saman med 16 andre fulltidstilsette i Chelsea F.C. Women. – Skal norske kvinner bli betre fotballspelarar, må dei satsast på, seier han.

AMBISIØS: Assistenttrenar for Chelsea Women, Brede Tokvam meiner det er nødvendig å profesjonalisere fotballen også i Noreg om dei skal halde tritt med dei store ligaene.

AMBISIØS: Assistenttrenaren for Chelsea Women, Brede Tokvam meiner det er nødvendig å profesjonalisere fotballen i Noreg, dersom dei skal halde tritt med dei store ligaene.

Foto: Shahar Azran

– Skal toppserien vere konkurransedyktige med utanlandsklubbane i framtida, må dei kunne tilby ein profesjonell treningskvardag, seier Brede Skahjem Tokvam.

Sogningen er assistenttrenar for Chelsea og har fått merke korleis kvinnefotballen har fått eit løft på kort tid. No meiner han at den norske toppserien må ta grep for å unngå å tape terreng til utanlandske ligaer.

Enormt trykk

Det er berre nokre månadar sidan han reiste til London. Etter nokre år som andrelagstrenar i Brann, forlét han bergensklubben til fordel for ei trenarkarriere i England.

– Der har spelarar sjansen til å fokusere fullt ut på eiga karriere og utvikling. Det ser me resultat av allereie, samanlikna med nivået for berre nokre år sidan.

– Både spelarar og trenarar må jobbe på heiltid i Noreg, skal ein halde følgje med utviklinga, seier han.

Må ta grep

NRK sin fotballekspert Carl-Erik Torp har følgd utviklinga til damefotballen tett dei siste åra. Han peikar på at éin kamp i England kan dra nesten like mange tilskodarar som ein heil sesong i Toppserien. Det seier litt om utfordringane norsk damefotball står ovanfor.

– Det er ein enorm merksemd der borte no, men dei har jo allereie ein kultur på herresida. Med tanke på rammene og merksemda har me ikkje sjanse til å skape det same engasjementet i Noreg.

Publikumsrekord

REKORDINTERESSE: Dei engelske «løvinnene» sat tidlegare i haust ny publikumsrekord for ein privatlandskamp for kvinner då Tyskland vitja Wembley.

Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Torp meiner at sjølv om interessa i utlandet er større, kan ein framleis ta grep for å løfte kvinnefotballen.

– Mykje av nøkkelen ligg i å engasjere toppklubbar, som til dømes Rosenborg og Brann. Dei har større ressursar til å drive klubbane i rett retning. Me kan ikkje konkurrere med dei store ligaene, men me kan gjere det på vår måte.

Håpar på smitteeffekt

Dagleg leiar Hege Jørgensen i Toppfotball Kvinner er einig i at ein må løfte fram pengane i norsk kvinnefotball, skal ein halde tritt med større ligaer. Samstundes trur ho nivåhevinga ein har sett internasjonalt først og fremst er positivt for norsk kvinnefotball.

– Eg er heilt sikker på at me kan tilby full løn på sikt. Me ser no at det er ei heilt anna interesse for kvinnefotballen i Noreg. Den utviklinga me ser internasjonalt gir gode signal til både oss og næringslivet.

Hege Jørgensen

POSITIV: Hege Jørgensen trur framtida er lys for norsk kvinnefotball. Ho meiner dei har sett ein kommersiell oppsving dei siste åra som vil gje moglegheiter for breiare satsing.

Foto: Per Onsheim / NRK

Ho er ikkje uroa for framtida til norsk kvinnefotball, enn så lenge.

– I Noreg er det 120.000 jenter som spelar fotball, i England er det berre 70.000. Viss vi klarar å utnytte dette fortrinnet vidare, kan vi henge med i konkurransen framover, seier ho.