Breane smeltar – men med eitt unntak

Isbreane smeltar så raskt at Norsk Bremuseum i Fjærland har vanskar med å måle frontane på breane dei overvakar.

Bøyabreen

VERT TYNNARE: Bøyabreen i Fjærland var på sitt største i 1997 i moderne tid, men stadig meir fjell kjem til syne.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– No har det gått så langt at to av breane vi har følgt i fleire år, Store Supphellebreen og Bøyabreen i Fjærland, har smelta så mykje at det er vanskeleg å måle fronten, seier Pål Gran Kielland som er fagansvarleg ved Norsk Bremuseum.

Norsk Bremuseum driv med måling av brefrontar, og ved Bøyabreen kjem meir av fast fjell til syne.

– Dei siste 20 åra kan vi sjå store endringar som ved Bøyabreen og Briksdalsbreen. Desse er vel kroneksempel på kor fort det kan det kan gå, seier Gran Kielland.

Langtidstrenden tyder på at breane minkar.

– Går ein 100 år tilbake i tid og ser på bilete, så var det før store flotte bretunger som hang saman langt nede i dalen. No er det berre små isklumpar att. Det går uheldigvis litt for fort, meiner Gran Kielland.

Bøyabreen ca. 1900

OVER 100 ÅR TILBAKE I TID: På 1900-talet såg Bøyabreen i Fjærland sånn ut. Berre frå 2003 til 2014 har breen gått tilbake totalt 160 meter.

Foto: Andreas Matias Andersen / www.fylkesarkiv.no

Ein bre rykker fram

I år har det blitt målt endringar i fronten på Haugabreen i Jølster og Vetle Supphellebreen i Fjærland. Haugabreen har smelta 15 meter attende i løpet av året, medan Vetle Supphellebreen har rykka fram.

– Grunnen til det er truleg at det har kome ein god del ekstra nedbør på breeplatået, sånn at den kunne vekse fram 16 meter frå i fjor. Det er nok eit resultat frå fleire år med overskot av snø, seier Gran Kielland.

Vetle Supphellebreen

16 METER FRAM: Vetle Supphellebreen har rykka fram 16 meter i 2016.

Foto: PÅL GRAN KIELLAND

Ved å ta i bruk bilete meiner Gran Kielland at ein får tydeleg bevis på kva som skjer.

Vi er heldige som har ein del bilete vi kan samanlikne med i dag. Det er lettare å forstå kva som skjer med breane ved å sjå på eit bilete, heller enn å høyre mange tal. Då er det betre med biletebevis.