Hopp til innhold

– Mange hundre år sidan breane var så små

Dei to siste åra har Bødalsbreen i Stryn minka med 230 meter. Det meste av tilbakegangen har skjedd i år, seier senioringeniør Hallgeir Elvehøy i NVE (Norges Vassdrags- og Energidirektorat.)

Bødalsbreen 2012 og 2014

230 METER PÅ TRE ÅR: Biletet til venstre syner Bødalsbreen i 2011, til høgre den same brearmen i 2014.

Foto: Erling Briksdal / NVE

Han seier at vi må mange hundre år tilbake i historia for å finne sist breane i Sogn og Fjordane var så små, kanskje heilt tilbake til vikingtida. Og det er den varme sommaren som har det meste av skulda eller æra for det.

Hallgeir Elvehøy

MÅLER REKORDSMELTING: Senioringeniør Hallgeir Elvehøy.

Foto: privat

Tilbakegang som på 1930-talet

– Vi hadde store endringar også på 1930- og 1940-talet, men då var breane mykje større. Tilbakegangen no er om lag på same nivået som då, seier Elvehøy.

NVE målte tilstanden på breane i september/oktober i år. Det var Bødalsbreen som klart minka mest av brearmane.

– Men også Bøyabreen i Fjærland gjekk mykje tilbake.

Det er særleg den regenererte breen som har minka mykje der. Dette er den delen som blir skapt av isras frå bretunga og blir liggande nede mot vatnet. I sommar har det vore lite ras frå breen, og den regenererte breen har smelta veldig fort vekk.

Bødalsbreen i 2012

FLYFOTO: Bødalsbreen sett frå lufta i 2012.

Foto: Hallgeir Elvehøy / NVE

Nigardsbreen held seg best

Briksdalsbreen i Stryn har ikkje endra seg mykje siste året.

– Det kjem av at denne brearmen alt hadde trekt seg så mykje tilbake at han ligg på eit stup, og den vil nok ikkje endre seg særleg dei komande åra, seier Hallgeir Elvehøy.

Nigardsbreen i Luster er den brearmen som held seg best, seier glasiologen.

– Årsaka er at denne brearmen ligg så høgt over havet.

Rekordsmelting på Ålfotbreen

Også oppe på breane har det vore rekordstor smelting i år.

– Ålfotbreen hadde den største sommarsmeltinga som vi har målt sidan vi starta målingane i 1963, seier Elvehøy.

På Nigardsbreen var sommarsmeltinga den femte største på desse vel 50 åra, men veldig nær toppåret.

Sidan det var veldig lite snø i låglandet her vestpå sist vinter, trur sikkert mange at den sterke tilbakegangen til brearmane delvis kjem av lite vintersnø, men det kan Hallgeir Elvehøy avkrefte.

– Mengda av vintersnø på breane var rundt normalen, så det er nok dei høge temperaturane i sommarhalvåret som er årsaka til at breane har minka så mykje.

Dei fleste breane har vore i tilbakegang sidan årtusenskiftet.