Hopp til innhold

Braut tapsrekka - men det kjendest som tap

FØRDE (NRK): Øystein Myrkaskog hadde to skot i tverrliggaren og fleire sjansar som han ikkje fekk inn. Difor såg han på 2-2 heime mot Stord som eit tap. Men Førde snudde iallfall ei rekkje med store tap.

Øystein Myrkaskog

– DET ER TUNGT: Øystein Myrkaskog tok seg ei stund for seg sjølv etter 2-2 mot Stord.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Førde var så nær, så nær årets første trepoengar heime i Hafstadparken mot Stord. Men etter 2-0 og god kontroll ved pause enda kampen 2-2.

– Vi er skuffa over at vi ikkje vinn med den førsteomgangen vi hadde. Vi burde ha leia med meir enn 2-0. Eg hadde sjølv to i tverrliggaren. Eg veit ikkje kva vi ikkje gjorde i andreomgangen som vi gjorde i første, men det enda 2-2, og det er der vi er no.

Myrkaskog hadde sin første målsjanse alt etter to minutt, men det var Eirik Lund Holm som gav Førde 1-0 etter pasning frå Eirik Flatjord. Etter 21 minutt dobla Edin Øy til 2-0 etter innlegg frå Myrkaskog.

Eirik Lund Holm

DAGENS SPELAR: Eirik Lund Holm (kvit overdel) sette inn 1-0 og vart kåra til beste Førde-spelar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Stang ut

Men i andre omgang snudde kampbiletet. Stord vart meir aggressive, og dei fekk straffespark alt etter tre minutt. Det redda Førde-keeper Christian Aarbogh Bjerke. Men Stord gav seg ikkje. Først reduserte Morten Hillestad til 2-1, og så sette Jonas Tungeland inn 2-2 på eit frispark frå 20 meter.

Mot slutten av kampen hadde Førde tre store sjansar til å skaffe seg tre poeng, men marginane var ikkje på Øystein Myrkaskog si side.

– Ting går ikkje heilt vår veg, det er stang ut i staden for stang inn. Det er tungt. Vi er ikkje nøgde med eitt poeng, skal vi kome nokon veg må vi slå lag som Stord heime.

Trenaren nøgd med innsatsen

Julian Madsen

– KJEMPEINNSATS: Trenar Julian Madsen valde å sjå det positive i 2-2-kampen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men trenar Julian Madsen valde å sjå det positive i kampen etter 0-15 på dei tre føregåande kampane.

– Først og fremst var det deilig å få brote tapsrekka, og det gutane viser i dag er kjempeinnsats over heile linja. Vi skulle gjerne ha vunne, det vart berre eitt poeng, og det er eg sjølvsagt skuffa over. Men i dag skal vi trekkje fram gjengen som står på og jobbar i 90 minutt, det skal vi vere nøgde med.

Førde-Stord 28.05.16

STORE SJANSAR: Førde brende ei rekkje sjansar i kampen. Førde-spelarane i feltet er dei to målscorarane, Edin Øy (23) og Eirik Lund Holm (9).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK