Hopp til innhold

Braut seg inn i bil

Laurdag kveld måtte politiet i Førde rykke ut etter melding om at ein mann knuste ei rute ein bil og prøvde å ta seg inn. Det var bileigaren som såg kva som skjedde og tilkalla politiet. Mannen har forklart at han fraus og trengde å varme seg. – Han blei teken med til lensmannskontoret, og det blir oppretta sak, seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i politiet.