Hopp til innhold

Braut regelverket

Tilsetjing i strid med reglane.

kommunehuset "Smia" i Hornindal

Kommunehuset i Hornindal

Foto: Ottar Starheim / NRK

I 2005 skulle Hornindal kommune tilsetje kjøkkensjef på omsorgssenteret. Det var fleire søkjarar til jobben, ifølgje Fjordingen.

Søkjar forbigått

Etter tilsetjinga som vart gjort av administrativ i Hornindal kommune, vart kommunen og KS stemna for arbeidsretten av LO ved Fagforbundet. 8. januar var saka i retten. Der kom dei fram til at den som har tilsetjingsmyndigheit i Hornindal kommune ikkje har gjort ein god nok jobb i forhold til kvalifikasjonsprinsippet.

I dommen står det at det har skjedd ei forbigåing av kvalifisert søkjar. Tariffavtala er brote, men om saka mellom Fagforbundet og Hornindal kommune får noko vidare etterspel er uvisst.