Hopp til innhold

Tappa naturreservat for å berge 1,6 millionar smolt

Barlindbotn Settefisk hevdar dei handla i naudrett då dei etter den tørre sommaren i 2014 tørrla store delar av Jagedalsvatnet i Sandvikbotn naturreservat i Flora.

Jagedalsvatnet september 2014

TØRRLAGD: Barlindbotn Settefisk hadde ikkje konsesjon til reguleringa dei gjorde frå 15. august til 26. september 2014, men meiner dei handla i naudrett for å halde liv i fisken sin.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Selskapet godtek ikkje bota på 200.000 kroner og inndraging av 1,8 millionar kroner etter at dei tappa vatnet for fire år sidan.

Forsvarer Berit Reiss-Andersen

NAUDRETT: – Selskapet måtte gjere ei forsvarleg vurdering, og måtte gjere eit vanskeleg val i løpet av ein ekstrem tørr sommar, seier advokat Berit Reiss-Andersen.

Foto: Svein Olsson / NRK

Barlindbotn Settefisk valde å tappe Jagedalsvatnet for meir vatn enn dei hadde lov til, for å halde i live smolten i det landbaserte settefiskanlegget inst i Eikefjorden.

– Følgjene av å ikkje tappe meir vatn ville vere å destruere store mengder settefisk, seier selskapet sin advokat, Berit Reiss-Andersen.

Naturreservat

Ifølgje førelegget frå Vest politidistrikt vart vatnet frå midten av august til slutten av september tappa ned til 130 cm under lågaste reguleringsgrense.

Selskapet skal ha orientert fylkesmannen i Sogn og Fjordane om den dramatiske situasjonen for 1,6 millionar smolt.

Nedtappa Jagedalsvatnet september 2014

TAPPA: Barlindbotn Settefisk valde å tappe forsyningskjelda Jagedalsvatnet for meir vatn enn dei hadde lov til, for å halde liv i 1,6 millionar smolt etter tørken i 2014.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Advokat Reiss-Andersen ynskjer ikkje å kommentere kven selskapet kontakta i forkant, og om det eventuelt vart søkt om dispensasjon, men seier selskapet ikkje såg anna utveg.

– Barlindbotn settefisk meiner dei gjorde rett val å tappa ned Jagedalsvantet utover det som følgjer av vernebestemmelsane, seier advokaten.

– Korleis handterte dei den tørre sommaren i år?

– Selskapet har investert betydeleg i ny teknologi, og klarte seg gjennom denne veldig ekstremt tørre sommaren utan å tappe Jagedalsvatnet utover det som er lov.

Hadde ikkje dispensasjon

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes

TIL RETTEN: Førelegget til Barlindbotn Settefisk hamnar i rettsapparatet, stadfestar politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Fylkesmannen vil ikkje kommentere saka på noverande tidspunkt. Selskapet har fått bota for brot på naturmangfaldlova og vassressurslova.

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes seier selskapet hadde grense for kor mykje dei kunne tappe vatnet. Dei hadde moglegheit til å søke dispensasjon.

– Slik dispensasjon hadde dei ikkje, så då var alternativet å stogge drifta på anlegget. Ein er plikta å halde seg til dei bestemmingane som er sett for å verne om eit naturreservat, seier Refsnes.

Tente på lovbrotet

Politiet vil dra inn 1,8 millionar kroner som dei meiner selskapet tente på nedtappinga.

– Hadde dei ikkje drive med produksjonen etter det tidspunktet det er snakk om, så ville dei heller ikkje hatt salsinntekter for smolten dei seinare selde. Dei ville heller ikkje hatt overskot av det salet, seier Førde Refsnes.

Sidan Barlindbotn Settefisk ikkje har godteke bota, hamnar den i retten.

– Saka er forelda

Nedtappa Jagedalsvatnet september 2014

UVISSE FØLGJER: Politiet har ikkje etterforska om nedtappinga fekk følgjer for livet i naturreservatet. – Det sentrale er at det blir tørrlagd eit større område enn det som elles ville vore tilfelle. Det medfører fare for skade på naturmiljøet og reduksjon på artsmangfaldet i strandsona, seier politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Advokat Reiss-Andersen seier det er fleire spørsmål retten må ta stilling til. Mellom anna vassdragsretten, vernebestemmelsane og tidsbruken til politiet.

– Vi meiner saka i utgangspunktet er strafferettsleg forelda, seier advokaten.

Politiadvokat Refsnes har tatt over som påtaleansvarleg for saka. Han kan difor ikkje svare på kvifor politiet har brukt over tre år på etterforskinga.

– Sakshandsamingstida er formildande omstende ved utmåling av bota. Men førelegget vart skrive tilbake i januar 2018, så verksemda har brukt relativt lang tid på å bestemme seg, svarar Refsnes.

Jagedalsvatnet