Hopp til innhold

Braut kravet om responstid 27 gonger i fjor

Politiet i Sogn og Fjordane hadde for mange brot på responstida i fjor. Det meiner visepolitimeister Ronny Iden i Vest politidistrikt.

Ronny Iden

IKKJE GODT NOK: Visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden, seier at mangel på folk som kan rykke ut, er viktigaste årsaka til dei mange brota på krava til responstid.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Vi har for lang responstid i den kategorien som vert rekna som utanfor tettbygde strøk. Der brukar vi i mange tilfelle altfor lang tid. Det er vi sjølvsagt ikkje fornøgd med, seier Ronny Iden, visepolitimeister i Vest politidistrikt.

I 54 utrykkingar brukte politiet lengre tid enn 22 minutt. I 27 av tilfella braut dei og kravet om 45 minutts responstid.

Lange avstandar

I Bremanger og Fjaler var det tre tilfelle der det vart brukt meir enn 45 minutt, i Aurland fem. Lange avstandar er ei forklaring, men langt frå den einaste, seier Iden.

– No er dette spreidd i heile politidistriktet. Hadde det vore så enkelt at det berre var knytt til ein eller to plassar, så ville det vore enklare for oss. Dette gjeld heile politidistriktet, men det ligg i korta at det er i ved dei minste lensmannskontora som ligg lengst ute i randsona som er utfordrande, seier han.

Manglar tenestefolk

Han meiner at den viktigaste årsaka til dei mange brota på responstid er mangel på folk.

– Det er eit resultat av at vi har for få folk ute i vakt og beredskap i politidistriktet. Jobben vår no er å få styrka denne, seier han.

No er håpet at dette skal bli langt betre dei komande åra.

– Vi trur vi skal få seks nye polititenestemenn og kvinner i løpet av 2016, og at det vert auka på i dei neste åra. Då skal vi vere mykje nærare å nå målet, seier visepolitimeisteren.