NRK Meny

Braut god advokatskikk

Advokat Louis Anda braut reglane for god advokatskikk då han kontakta medlemmer i administrasjonsutvalet i Lærdal kommune direkte i samband med ei oppseiingssak. Det slår disiplinærutvalet i advokatforeininga fast. Det var kommunen som klaga advokaten inn. Anda seier han tek avgjerda til vitande, men at han vurderer å klage vedtaket inn for ein høgare instans i advokatforeininga.

Vegopning på Bergum i Førde kommune