Hopp til innhold

Braut besøksforbodet

Ein mann i 40-åra er varetektsfengsla i fire veker for brot på besøksforbod mot ekskjærasten. Mannen vart i juli dømd til ni månader fengsel for truslar og familievald. Besøksforbodet fekk han allereie i oktober i fjor. I prøveperioden for dommen i juli vart mannen i helga pågripen etter at han oppsøkte ekskjærasten på hennar tidlegare adresse. Politiet fryktar at mannen kan gjere liknande igjen og får halde mannen varetektsfengsla til 3. september.