Hopp til innhold

Bråtebrann var årsaka til skogbrannen

Brenning av skrot og anna kom ut av kontroll i vinden og starta å spreie seg i Lavikdalen laurdag.

Mannskapane har hatt ein krevjande jobb i fjellsida.

15 DEKAR: 15 dekar vart råka av skogbrannen i Lavikdalen i helga.

Foto: NKR-tipsar

Ein bråtebrann var årsaka til skogbrannen i Lavikdalen i helga, det skriv Firda. Over 15 dekar vart råka av brannen, og lensmann i Høyanger, Kåre Jan Hoffrenning, presiserer til NRK at det var ei ulukke.

– Det var brenning av skrot eller liknande på ein gard som kom ut av kontroll i vinden og spreidde seg, så dette var ei ulukke. Truleg var det ein person under strafferettsleg alder som stod bak bålet.

Problematisk

Det var i 15-tida laurdag ettermiddag at brannen vart meldt inn. Kraftig vind gjorde sløkkearbeidet vanskeleg og det var ikkje før i 20-tida at alarmsentralen melde at brannen var under kontroll.

Brannmannskap frå Høyanger og Hyllestad deltek i arbeidet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit